Byfylke
Utsjånad
Byfylke (kinesisk 县级市, xiànjí shì) er ei administrativ eining i Folkerepublikken Kina. Det ligg under provins og prefektur (eller byprefektur). Dei fleste byfylka blei danna i 1980- og 1990-åra, fram til 1997.
Byfylkeregjering
[endre | endre wikiteksten]Ettersom Det kinesiske kommunistpartiet er den sentrale statsberande regjeringsinstitusjonen i heile Folkerepublikken Kina, har alle territorielle politiske nivå ein lokal partikomite. Det finst dessutan ei folkeregjering for byfylka.
Mellomstatus
[endre | endre wikiteksten]Lågare byprefekur er eit byfylke med fullmakter opp mot dei byprefektur har. Jiyuan i Henan, Xiantao i Hubei og Golmud i Qinghai er døme på slike.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County-level city» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2009.