Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Europaveg 18

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europaveg 18


Kart
Europaveg 18
54°26′50″N 6°23′18″W / 54.4472°N 6.38833°W / 54.4472; -6.38833

Europaveg 18 (E18) er ein europaveg på nær 190 mil som startar i Craigavon i Nord-Irland og endar opp i St. Petersburg i Russland. Undervegs er han innom Skottland, England, Noreg, Sverige og Finland. Vegen er ei viktig transport- og sambandsåre mellom dei nordiske landa, Russland og Storbritannia.

I Noreg går E18 som hovudveg frå Kristiansand austover gjennom Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud og Akershus via Oslo til Ørje i Østfold før han kjem inn på svensk side ved Töcksfors.

Heile traseen er slik (ferjesamband markert med symbol):

Craigavon, Belfast, Larne Stranraer, Gretna, Carlisle, Newcastle Kristiansand, Arendal, Porsgrunn, Larvik, Drammen, Oslo, Askim, Ørje, Karlstad, Örebro, Västerås, Stockholm/Kapellskär Mariehamn Åbo, Helsingfors, Kotka, Vaalimaa, Viborg, St. Petersburg.

E18 deler trasé med E16 eit lite stykke nord for Belfast og mellom Oslo og Sandvika.

Etter omstruktureringa av europavegane i 1992 fekk norske delar av vegen namnet Europaveg 39. Andre delar av vegen, det vil seie strekninga frå Kristiansand til Stockholm, blei heitande E18 fordi det tilfeldigvis passa slik i det nye systemet.

Strekninga mellom Stockholm og Sankt Petersburg heitte før omstruktureringa Europaveg 3.

Oppgradering av E18 i Vestfold

[endre | endre wikiteksten]

På grunn av mykje trafikk og ønske om betra sikkerheit er Statens vegvesen i ferd med å byggja om delar av E18 i Vestfold til firefelts motorveg, mot to felt tidlegare. Målet til vegvesenet er at heile strekninga skal ha fire felt innan 2015. På grunn av arbeidet føretok ein arkeologiske utgravingar i arbeidsområda i 2003 og 2004, der ein undersøkte kjende kulturminner frå steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder.

Oppgradering av E18 i Østfold

[endre | endre wikiteksten]

Stortinget vedtok utbygging av E18 gjennom Østfold i 1999. Arbeidet skal skje frå 2001 til 2014.

Knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
M1 ved Lisburn i Nord-Irland
Sørlandsporten ved Risør
Grenlandsbrua
Bomstasjon i Vestfold
Drammensbrua
E18 gjennom Oslo
E18 ved Töcksfors, Sverige
E18 i Västerås
Tunnel på V1 ved Åbo i Finland
V7 ved Kotka
Det britiske flagget Storbritannia
Flagget til Nord-Irland Nord-Irland
trasé stad knutepunkt merknad
motorveg M12 Craigavon
M1 Craigavon-Aghacommon
Lisburn E1 A1 felles trasé til Larne
motorveg slutt A12 Belfast-Broadway
motorveg M2 Belfast E16 felles trasé til Newtonabbey
motorveg slutt A8 Newtownabbey E16 M2
ferje Larne P&O Ferries, 1-2 timer, 7 turar/dag
Flagget til Skottland Skottland
trasé stad knutepunkt merknad
A75 Stranraer alternativt frå Belfast
Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turer/dag
A74 Gretna E5 A74M felles trasé til Carlisle
Flagget til England England
trasé stad knutepunkt merknad
A689 Carlisle E5 M6
A69 Brampton
Newcastle E15 A1 ingen samband til Kristiansand
Flagget til Noreg Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
motorveg Europaveg 18 Kristiansand E39
bru Vesterbrua 679 m
tunnel Oddernestunnelen 1049 m
bru Gamle Varoddbrua 618 m, spenn 337 m, austleg retning
bru Nye Varoddbrua 663 m, spenn 260 m, vestleg retning
Lillesand
motorveg slutt Grimstad
Arendal
Risør
tunnel Sørlandsporten
bru Grenlandsbrua 608 m
tunnel Kjørholttunnelen 2219 m
Porsgrunn
motorveg Gulli i Tønsberg
bru Helland bru 624 m (vest) og 617 m (aust)
tunnel Botnetunnelen 1374 m
tunnel Bringåkertunnelen 1129 m
tunnel Hanekleivtunnelen 1742 m
tunnel Kleivenetunnelene 553 m nordover og 1800 m sørover
Drammen E134
bru Drammensbrua 1892 m
Sandvika E16
motorveg slutt Høvik
Oslo
motorveg tunnel motorveg slutt Festningstunnelen
motorveg Fiskevollen i Oslo
motorveg slutt Oppegard
Ringnes i Ås E6 felles trasé til Vinterbro
Vinterbro E6
motorveg Krosby i Askim
motorveg slutt Momarken
riksgrense Kutjern i Marker
Flagget til Sverige Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
Riksgrense E18 Töcksfors
motorveg Segmon E45 felles trasé til Grums
motorveg slutt Slottsbron
Grums E45
motorveg Karlstad Karlstads flyplass
motorveg slutt Skattkärr
motorveg Lekhyttan
Örebro E20 felles trasé til Arboga
Arboga E20
motorveg slutt Västerås Västerås flyplass
motorveg Enköping
motorveg slutt Tensta
Stockholm E4 Stockholm-Arlanda Airport
motorveg Danderyd
motorveg slutt Norrtälje
riksgrense ferje Kapellskär
Flagget til Finland Finland
Flagget til Åland Åland
trasé stad knutepunkt merknad
ferje riksgrense Mariehamn
Flagget til Finland Finland
trasé stad knutepunkt merknad
ferje Åbo hamn
9 Åbo-Port Arthur E8 9
motorveg 1 Nummis
Pikis
ferje 40 Nådendal
Åbo-Reso E8 8
Åbo-Urusberget E63 9
motorveg 1 Pikis
motorveg slutt Muurla
tunnel Karnainens tunnel 2230 m
motorveg Nyland
motorveg slutt 50 Esbo
Vanda E12 3
Helsingfors
Vanda-Håkansböle E75 4
motorveg 7 Vanda-Långmossen
motorveg slutt Pernå-Forsby
motorveg Kotka-Kyminlinna
motorveg slutt Fredrikshamn
Riksgrense Vaalimaa
Flagget til Russland Russland
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
riksgrense M10
Viborg
(ru. Выборг / fi. Viipuri)
St. Petersburg
(ru. Санкт-Петербург / fi. Pietari)
E105 M18 E20 E95

Alternative vegar

[endre | endre wikiteksten]

Det finst alternative vegar for å reise frå ein stad langs vegen til ein annan.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]