Ezhou
Utsjånad
Ezhou (kinesisk: 鄂州; pinyin: Èzhōu) er eit byprefektur aust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 1 504 km² og hadde 1,05 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Ezhou omfattar tre bydistrikt (区 qū).
Næring
Viktigaste næringsgreinene er metallurgi og produksjon av tekstilar, kjemikaliar, maskiner, samt byggevarer.
Samferdsle
Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing og er innom mellom andre Hengshui, Kaifeng før han kjem til Ezhou, går så vidare til Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina. Også Kinas riksveg 316 passerer gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i provinsen Jiangxi og Wuhan i provinsen Hubei til Lanzhou i Gansu.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ezhou» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2012.