Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hanne Krogh: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
TCoN (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
s Fjerna kategorien «Deltakarar i Melodi Grand Prix»; La til kategorien «Vinnarar av Melodi Grand Prix» (vha. HotCat)
Line 91: Line 91:
[[kategori:Norske songarar|Krogh, Hanne]]
[[kategori:Norske songarar|Krogh, Hanne]]
[[kategori:Folk frå Haugesund|Krogh, Hanne]]
[[kategori:Folk frå Haugesund|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Deltakarar i Melodi Grand Prix|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Vinnarar av Eurovision Song Contest|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Vinnarar av Eurovision Song Contest|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Skal vi danse-deltakarar|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Skal vi danse-deltakarar|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Allsang på grensen|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Allsang på grensen|Krogh, Hanne]]
[[Kategori:Vinnarar av Melodi Grand Prix|Krogh, Hanne]]


[[no:Hanne Krogh]]
[[no:Hanne Krogh]]

Versjonen frå 11. april 2011 kl. 17:11

Hanne Krogh Sundbø fødd 24. januar 1956 er ein norsk songar og tekstforfattar oppvaksen i Haugesund.

Debuten

Ho platedebuterte som 14-åring i 1970 med singlen « Lukk opp min dør», etter å ha prøvesunge for Arne Bendiksen. Året etter vann ho den norske Melodi Grand Prix-finalen med melodien «Lykken er», og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Irland. Ho opptredde i TV-show i Tyskland og rundt om i Norden, og spelte inn «Lykken er» både på norsk, svensk og tysk. Etter fleire plateutgjevnader valde ho å trekkje seg bort frå platebransjen nokre år, og ho søkte seg inn på Nissen gymnas der ho tok skodespelarutdanning. Dette førte til hovudrollene i spelefilmane Crash og ikkje minst klassikeren Reisen til Julestjernen der ho spelte Sonja. Filmen blir enno sett opp på norske kinoar kvart år ved joletider.

Haustvise

I 1978 vart ho lokka tilbake til platestudioet, og gav ut LP-en sin, Hanne Krogh, same året. Året etter vart ho spurt om å gjere ein norsk versjon av den finske songen «Höstvisa» av Erno Tauro som ho omsette til norsk. Denne fekk eit utruleg godt mottak, med topp-plassering på Norsktoppen og han vart den mest ynskte songen i radioprogrammet Ønskekonserten. Dermed var comebacket eit faktum og dei påfølgjande åra spelte ho inn fleire LP-plater som alle vart heidra med sylv- og gullplate-trofé. I 1984 samla ho sine personlege jolefavorittar som ho gav ut på LP-en Julens vakreste. Han har sidan utgjevinga selt 350 000 eksemplar og er enno i handelen.

Bobbysocks

I 1984 tok ho kontakt med norsk/svenske Elisabeth Andreassen og saman danna dei duoen Bobbysocks. Dei gav ut den første LP-en sin same året, som besto av swing-låtar med harmonisong, og dessutan fleire pop-låtar skrivne av m.a Rolf Løvland. I 1985 vart Løvland invitert av NRK til å skrive eit bidrag til årets norske Melodi Grand Prix og han skreiv «La det swinge» til Bobbysocks som både vann den norske finalen og Eurovision Song Contest 1985 som vart halde i Göteborg.

I Noreg var det ein svært populær siger; det var fyrste gongen ein norsk artist vann konkurransen og den påfølgjande jubelturnéen i Noreg sette 34 publikumsrekordar og nærare 50 000 menneske møtte fram i Nygårdsparken i Bergen. Jentene turnerte i 16 ulike land, selde fleire millionar plater og var nummer éin på hitlistene i åtte ulike land.

Hanne solo

I 1988 takka Bobbysocks for seg med ein LP innspelt i Los Angeles og Hanne gjekk så i studio med Bjørn Eidsvåg og Håkon Iversen som produsentar. Resultatet vart ein litt meir lavmælt plate som fekk namnet Hanne. Plata vart kritikarrost og inneheldt songar som Det er tent et lys, Gi meg ikke din styrke og Vakker når du sover.

Just 4 Fun

Tidleg på 90-talet vart ho med i kvartetten Just 4 Fun saman med Eiríkur Hauksson, Marianne Antonsen og Jan Groth. Gruppa spelte 60-talsmusikk og gav ut LP-en Ren 60. Resultatet vart 30 veker på hitlistene, og eit sal på over 50 000 eksemplar. I 1991 representerte dei Noreg i Melodi Grand Prix med låten Mrs. Thompson skriven av Dag Kolsrud.

Ta meg til havet

I 1992 spila Hanne Krogh inn live-plata Ta meg til havet i heimbyen Haugesund. Plata inneheldt Hannes største klassikarar, og dessutan fleire nyskrevne låtar. Hanne debuterte her som komponist med låten Ikke gi deg jente som omhandla hennar eiga bestemor. Rolf Løvland bidrog med Jeg kan se en stjerne falle som fleire norske grupper har laga cover-innspeling av i ettertid. Plata fekk Spellemannprisen i 1993, og la grunnlaget for ein turné over heile landet.

Barneplater

Då Hanne Krogh vart mamma til Amalie i 1993, avgjorde ho seg for at ho ville spele inn Alf Prøysens viseskatt i ny tapning. Pete Knutsen arrangerte låtane, og plata Prøysens barnesanger selde over 100 000 og vart nominert til Spellemannprisen. Dette bana veg for fleire barneplater.

Tidleg på 1970-talet hadde forfattaren Thorbjørn Egner valt seg ut Hanne til å gestalte ulike skikkelsar når han skulle regissere musikk-eventyra sine for TV og plate. På slutten av 90-talet tok ho no for seg melodiane hans i Egners barnesanger som etter kvart kom til å selje over 50 000 CD-plater og kassettar. Sist ut i Hannes barnemusikk-serie var Sanger fra barnas skattkammer i 2002.

Vestavind

Hanne Krogh jobbar no meir og meir med tekstskriving, og då spesielt med temaet om Utvandringa til Amerika ved førre århundreskiftet. Ho er svært interessert i historiene og mytane mellom Irland, Noreg og Amerika, og i 1998 gav ho ut albumet Vestavind som handla om lengten mot vest. I åra etter har ho gjeve konsertar med fragment frå Vestavind, men ho jobbar no med å få klår ei større førestelling til hausten 2010.

Team Hanne

Våren 2009 samla Hanne eit 20 personar stort kor frå heimbyen Haugesund for å vere med i TV2-programmet Det store korslaget. «Team Hanne» vann heile konkurransen og dei feira sigeren m.a med ein jubelturné på vestlandet, framferder i USA og CD-utgjevinga Reis meg opp som kom i desember same året. Pengepremien på ein halv million kroner bidrog til å opprette Team Hanne Kulturfond som har som formål å stimulere unge kunstnarar til å utvikle ferdigheiter som kan bidra til å auke den kreative aktiviteten til regionen, oppfordre ungdom til å satse på talentet sitt og styrke den kunstneriske kompetansen på Haugalandet. Team Hanne Kulturfond deler i 2010 ut eit stipend på inntil 100 000,- kr til ein ung kunstnar som er under 23 år. Kandidaten må ha vist eit uvanleg talent innanfor sin kunstgren som kan vere musikk, dans, teater, litteratur, biletkunst, film og liknande.

Hannes jul

Heilt sidan slutten av 1980-talet har Krogh turnert landet rundt ved juletid med sine julekonserter. Ho samarbeider med lokale kor på dei ulike konsertane som kvart år fyllar kyrkjene over heile landet.

Hanne Krogh gjev kvart år rundt 100 konsertar rundt om i landet.

Diverse heidersprisar

Diskografi

  • Hanne Krogh (1978)
  • Nærbilde (1980)
  • Alene (1982)
  • Nordens vakreste (1982)
  • Under samme sol (1983)
  • Julens vakreste (1984)
  • Bobbysocks (1984/85)
  • Waiting for the morning (Bobbysocks) (1986)
  • Walkin' on air (Bobbysocks) (1987)
  • Hanne (1989)
  • Ren 60 (Just4Fun) (1990)
  • Those Were the Days (1991-album) (Just4Fun) (1991)
  • Ta meg til havet (1992)
  • 40 beste (1994)
  • Prøysens barnesanger (1995)
  • Julestjerner (1996)
  • Reisen til den levende parken (1997)
  • Vestavind (1998)
  • Egners barnesanger (1999)
  • God jul - Hannes beste julesanger (2000)
  • Sanger fra barnas skattkammer (2002)
  • Ved juletid (2002)
  • God jul - Hannes beste julesanger (reutgivelse) (2006)