Harald Eia
Utsjånad
Harald Eia | |
Pseudonym | Hans Ruben Velsand, Rubenmann |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. februar 1966 (58 år) Bærum kommune |
Yrke | sosiolog, programleiar, komikar, manusforfattar, programskaper, tekstforfatter, radioprogramleiar |
Høgd | 183 centimeter |
Ektefelle | Anne Ryg |
Harald Eia på Commons |
Harald Eia (fødd 9. februar 1966 i Bærum) er ein norsk komikar, tekstforfattar og skodespelar. Han er kjent for ei rekkje humorprogram på NRK, i samarbeid med mellom andre Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen.
Eia gjekk på Valler VGS og jobba som avisbod i nokre år før han begynte ved Universitetet i Oslo. Han har filosofi mellomfag, matematikk og data grunnfag. Han leverte hovudoppgåva Lidende ledere og kompetente kalkulatører – næringslivsfolks symbolske kamper i sosiologi i 1992. Teatersportgruppa hans vart nordiske meistrar i 1994.[1]
Hausten 2007 vart det kjent at Eia og kona hans, skodespelaren Anne Ryg, skulle skiljast.[2]
TV-frammøte
[endre | endre wikiteksten]- 1987 Diskuteket (Eia snakkar om å syngje på norsk)
- 1991 U (først som sosiolog, seinare som tekstforfattar og programleiar)
- 1994 Egentlig (tekstforfattar)
- 1994 U:natt
- 1995 Lillelørdag (med Bård Tufte Johansen og Marit Åslein)
- 1997 Sommeråpent (medverkande)
- 1998–99 og 2000–01 Åpen post (med Bård Tufte Johansen)
- 1999 Minner fra Lillelørdag
- 2000 Copacabana (innslagsregi)
- 2003 Uti vår hage (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen)
- 2004 Team Antonsen (med Atle Antonsen, Bård Tufte Johansen og Kristopher Schau)
- 2005 Tre brødre som ikke er brødre (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen)
- 2007 Videobloggeren Rubenmann
- 2008 Uti vår hage 2 (med Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen)
- 2010 Hjernevask. Debatten som følgde av programmet gjorde at Eia vart tildelt Fritt Ords honnør.
- 2010 Storbynatt (med Bård Tufte Johansen)
- 2012-2019: Brille (med Bård Tufte Johansen)
- 2015: Årsrevyen (med Bård Tufte Johansen)
- 2020: Sånn er Norge
- 2022: Kongen befaler
Anna
[endre | endre wikiteksten]
Filmar
Radioprogram (utval)
Dataspel
|
Rollefigurar
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Harald Eia» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Harald Eia: fra Rykkinn til Marienlyst (via Blindern)». NRK. 3. januar 2002. Henta 20. juni 2010.
- ↑ Dagbladet.no:- Jeg er småsyk og Eia er nyskilt og sover dårlig, arkivert frå originalen 24. mai 2008, henta 2. november 2010