Helene Tursten
Utsjånad
Helene Tursten (fødd 1959 i Göteborg) er ein svensk kriminalforfattar. Ho bur i Sunne i Värmland. Bøkene hennar om politietterforskaren Irene Huss i Göteborg har vorte omsett til fleire språk, mellom dei tysk, engelsk og norsk.
Helene Tursten var utdanna fyrst sjukepleiar og sidan tannlækjar, men revmatisme gjorde at ho måtte gje opp å arbeida som tannlækjar, og etter kvart byrja ho i staden å skriva. Den fyrste boka hennar kom i 1998 og heitte Den krossade tanghästen.
Bøker
Kriminalromanar med Irene Huss i hovudrolla
År | Svensk tittel | Norsk omsetjing |
---|---|---|
1998 | Den krossade tanghästen | Den knuste Tang-hesten (2000) |
1999 | Nattrond | Nattevakt (2001) |
2000 | Tatuerad torso | Tatovert torso (2002) |
2002 | Kallt mord | |
2002 | Glasdjävulen | Glassdjevelen (2003) |
2004 | Guldkalven | Gullkalven (2005) |
2005 | Eldsdansen |
Andre bøker
- 2003 – Kvinnan i hissen och andra mystiska historier, forteljingar.
- 2004 – Svarta diamanter (redaktør)