Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hematitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hematitt

Hematitt (blodstein) frå Michigan i USA (ukjent skala)
Generelt
KategoriJernoksid - mineraloksid – hematittgruppa
Kjemisk formeljern(III)oksid, Fe2O3, α-Fe2O3
Krystallsymmetritrigonal
Identifikasjon
FargeMetallisk grå til jordaktige raudtonar, svart-stålgrå; raud-rødbrun
KrystallsystemTrigonal
KløyvIngen
Mohs hardleiksskala5,5-6,5
GlansMetallisk til splendent
StrekfargeSterkt raud til mørkeraud, rustbrun
TransparensOpak
Spesifikk vekt4,9-5,3
Optiske eigenskapar
PleokroismeIngen
Kjelder[1][2]

Hematitt (av gresk αιματoεις, haimatoeis, som tyder 'blodig') er eit mineral av typen jernoksid med formel Fe2O3, som er kjent som det viktigaste råstoffet for framstilling av jern. Hematitt blei ofte kalla naturleg jernmalm då det har ein høg jerngehalt (rundt 65%) og kunne såleis nyttast uforedla. Hematitt blir òg kalla jernglans eller jernglimmer.

Hematitt blir ofte danna nær stilleståande vatn eller geysirar, men kan òg komme frå vulkansk aktivitet. Gråfarga hematitt som vert knust gir eit raudleg pulver. Fargen kan vere raudleg. Dette har gjeve opphav til tilnamna blodstein eller raudjernstein. Hemetitt blir ofte nytta som pigment. I form av raud oker har hematitte vore nytta til farging av måleri og tekstilar. I eldre tider kunne greske soldatar bruke blodsteinar som amulett for å stoppe blødning. Forsking har seinare påvist mineralet si evne i pulverisert form til å bidra til koagulering.

Namnet speculitt vart på romersk tid nytta om sølvskinnande polert hematitt, som da ville vere eit spegelbilde av sjela. Ved å ha sett seg sjølv i ein samanheng, ville ein lettare kunne orientere seg og finne «sin plass på jorda».

Hematitt kan berre dannast i kontakt med vatn. At det finst hematitt på Mars, som gjev planeten den raude fargen, vart difor teke som eit sterkt indisium på at planeten hadde hatt vatn tidlegare. Landingsstaden for sonden Opportunity som landa på Mars i 2004, vart spesielt vald ut på grunn av store førekomstar av hematitt. Undersøkingar av grunnen der sonden landa viste seg òg å stadfeste førehandtrua om at det tidlegare hadde vore vatn der.

Regnboge-hematitt frå Brasil.

Utvinning av hematitt har skjedd mellom anna i Kiruna, Sør-Varanger, Oppdal, Ulefoss og Dunderlandsdalen.

Ved sliping av svarte hematitt-krystall får ein «svart diaman». Avrunda sliping gir populære, rimelegare smykkesteinar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hematitt