Icesave-avtalen
The Icesave dispute Icesave-avtalen var ein avtale mellom regjeringane i Nederland, Storbritannia og Island om at Island skulle ta opp eit lån på 3,88 milliardar euro slik at dei kunne betale tilbake sparepengane til dei som hadde hatt innskot i den islandske nettbanken Icesave. Icesave, som var oppretta av den islandske Landsbankinn, hadde tilbode gunstig rente og fått mange nederlandske og britiske innskytarar. Desse tapte innskota sine då bankvesenet på Island gjekk overende under finanskrisa i hausten 2008.
Styremaktene i Nederland og Storbritannia forlangte at den islandske staten skal betale alle tapa til dei utanlandske innskytarane etter at bankvesenet på Island gjekk overende. For å greie dette, inngjekk regjeringa på Island ein avtale om å låne 3,88 milliardar euro, det tilsvarer meir enn 30 milliardar norske kroner, for å kunne betale Icesave-innskota attende. Avtalen vart i første omgang forkasta av Alltinget i august 2009, men 30. desember 2009 vedtok Alltinget med 33 mot 30 røyster å godta avtalen. Imidlertid nekta presidenten å sanksjonere lovvedtaket og kravde at det i staden vart lagt ut til folkeavrøysting.
Folkerøysting
[endre | endre wikiteksten]Folkerøystinga om Icesave-avtalen vart halden 6. mars. Statsminister Johanna Sigurdardottir oppfordra folk til å boikotte avrøystinga, som ho kalla både meiningslaus, trist og bortkasta. Ved valet sa eit stor fleirtal av dei røysteføre islendingane nei til Icesave-avtalen:
Avrøysting om lov nr. 1/2010 skal tre i kraft“ | ||||||||||
Valsokn | ja | % | nei | % | blank | % | ugyldig | % | til saman | valdeltaking (%) |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Reykjavík norður | 561 | 2,1 | 23.548 | 91,3 | 1.546 | 6,0 | 126 | 0,5 | 25.781 | 58,6 |
Reykjavík suður | 607 | 2,2 | 25.123 | 92,0 | 1.456 | 5,3 | 115 | 0,4 | 27.301 | 62,0 |
Suðvesturkjördæmi | 507 | 1,3 | 36.873 | 94,6 | 1.504 | 3,9 | 110 | 0,3 | 38.994 | 65,7 |
Norðvesturkjördæmi | 295 | 2,2 | 12.573 | 91,7 | 660 | 4,9 | 33 | 0,2 | 13.561 | 63,6 |
Norðausturkjördæmi | 329 | 1,9 | 15.667 | 92,4 | 899 | 5,3 | 52 | 0,3 | 16.947 | 59,3 |
Suðurkjördæmi | 300 | 1,4 | 20.613 | 95,2 | 679 | 3,1 | 55 | 0,3 | 21.647 | 66,2 |
Til saman | 2.599 | 1,8 | 134.397 | 93,2 | 6.744 | 4,7 | 491 | 0,3 | 144.231 | 62,7 |