Johann Friedrich Struensee: Skilnad mellom versjonar
besto>bestod |
|||
Line 63: | Line 63: | ||
== På maktas tinde == |
== På maktas tinde == |
||
[[Fil:Kongelig act2.jpg|mini|Side 2 og 3 av den "Kongelige Act" frå desember 1770 kor Struensee avskaffa Gehejmekonseillet og dermed blei den reelle statsleiar i Danmark.]] |
[[Fil:Kongelig act2.jpg|mini|Side 2 og 3 av den "Kongelige Act" frå desember 1770 kor Struensee avskaffa Gehejmekonseillet og dermed blei den reelle statsleiar i Danmark.]] |
||
Struensees fyste problem var korleis han skulle innordne sin eigen, på dåverande tidspunkt, noko uformelle makt i den eksisterande administrasjonen. Det råd som i første rekkja sto for den gamle styreforma, var Gehejmekonseilet. Det |
Struensees fyste problem var korleis han skulle innordne sin eigen, på dåverande tidspunkt, noko uformelle makt i den eksisterande administrasjonen. Det råd som i første rekkja sto for den gamle styreforma, var Gehejmekonseilet. Det bestod fyst og fremst av aristokratiske tyskarar og trass i at det opphavleg skulle vere ei rådgivande forsamling, var det her den eigentlege makta låg i dei periodane kongen ikkje var i stand til å styre. Struensee prøvde fyst å kontrollere dette ved å |
||
setje inn personar han meinte å kunne styre sjølv, mellom anna grev Rantzau, som hadde hjelpe Struensee på veg mot makta. |
setje inn personar han meinte å kunne styre sjølv, mellom anna grev Rantzau, som hadde hjelpe Struensee på veg mot makta. |
||
Men han innsåg snart at sjølve institusjonen ikkje var gjekk ihop med den effektivisering og forenkling av kongemakta som han prøvde å oppnå. Difor oppløyste han det den 8. desember 1770, utnemnde seg sjølv til «maître de requêtes» («sjef for ansøkningene»), og innan nyttår hadde han heilt oppheva institusjonen. Han oppretta i staden ein såkalla «konference», som |
Men han innsåg snart at sjølve institusjonen ikkje var gjekk ihop med den effektivisering og forenkling av kongemakta som han prøvde å oppnå. Difor oppløyste han det den 8. desember 1770, utnemnde seg sjølv til «maître de requêtes» («sjef for ansøkningene»), og innan nyttår hadde han heilt oppheva institusjonen. Han oppretta i staden ein såkalla «konference», som bestod av leiarane for dei ulike dela av statsadministrasjonen, t.d. Peter Elias von Gähler, tidlegare medlem av gehejmekonseillet. Men sjølv om dette rådet berre var rådgivande, oppheva han dette òg. Moglegvis fordi det likna for mykje på det gamle og fordi Struensee ynskte å distansere seg frå det førre adelsveldet.<ref name=cedergreenbech230>Svend Cedergreen Bech side 230</ref> |
||
=== Reformer i administrasjonen === |
=== Reformer i administrasjonen === |
||
Line 132: | Line 132: | ||
=== Julaftanfeiden === |
=== Julaftanfeiden === |
||
Ein annan liknande oppstand gjekk føre seg jula 1771 i samband med oppløysinga av fotgarden. Struensee hadde tidlegare, som eit ledd i storstilte militære reformer, oppløyst hestegarden, og no var turen kome til fotfolket. Garden var berre éit korps av mange i København, men denne fotgarden |
Ein annan liknande oppstand gjekk føre seg jula 1771 i samband med oppløysinga av fotgarden. Struensee hadde tidlegare, som eit ledd i storstilte militære reformer, oppløyst hestegarden, og no var turen kome til fotfolket. Garden var berre éit korps av mange i København, men denne fotgarden bestod, til skilnad frå nestan alle dei andre, utelukkande av nasjonalt verva troppar, først og fremst nordmenn. I ei tid kor mange danskar næret uvennskap mot tyskarane som bokstaveleg talt hadde overteke styringa av riket, var oppløysinga av denne «nasjonale» garden eit slag for mykje. |
||
Struensee hadde i denne situasjonen berre sett på ordren om oppløysinga av garden som endå eit ledd i dei storstilte planane. Dei følgde [[Claude Louis de Saint-Germain]]s tidlegare planar som allereie var freista to gonger før og forkasta. Saint-Germain, som var tilhengjar av det opplyste einevelde etter mønster av [[Fredrik II av Preussen]], såg dei to gardane, hestegarden og fotgarden, som utan militær tyding og berre ein pryd til ære for kongehuset. |
Struensee hadde i denne situasjonen berre sett på ordren om oppløysinga av garden som endå eit ledd i dei storstilte planane. Dei følgde [[Claude Louis de Saint-Germain]]s tidlegare planar som allereie var freista to gonger før og forkasta. Saint-Germain, som var tilhengjar av det opplyste einevelde etter mønster av [[Fredrik II av Preussen]], såg dei to gardane, hestegarden og fotgarden, som utan militær tyding og berre ein pryd til ære for kongehuset. |
Versjonen frå 13. november 2012 kl. 22:56
Johann Friedrich Struensee | |
Nasjonalitet | Tysk |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen, Kongeriket Danmark |
Fødd | 5. august 1737 Halle an der Saale i Tyskland |
Død | |
Yrke | Lege og politikar |
Språk | tysk |
Religion | ateisme |
Far | Adam Struensee |
Mor | Maria Dorothea Carl |
Partnar | Caroline Mathilde av Danmark-Noreg |
Johann Friedrich Struensee på Commons |
Johann Friedrich Struensee fødd 5. august 1737 i Halle an der Saale i Tyskland, død 28. april 1772 i København i Danmark var ein lege og politikar. Han var livlege for kong Kristian VII av Danmark-Noreg frå 1769 og den eigentlege makthavar i Danmark-Noreg i åra 1770–1772. På grunn av sinnssjukdomen til den regjerande Kristian VII kunne hoffolk som fekk tillit hos kongen i realiteten ta over regjeringsmakta. Sjukdommen gjorde kongen viljelaus og fullstendig uinteressert i å regjere. Etter at kongen tok over trona i 1766 hadde ulike klikkar kjempa om å oppnå tilliten hans.
Med sitt stadig meir intime forhold til dronning Caroline Mathilde og utmanøvrering av dei mektigaste i staben til kongen, grev Holck og utanriksminister J.H.E. Bernstorff, vart Struensee den reelle makthavaren i landet. Han gjennomførte ei rad reformer i styringsverket i tråd med ideane i opplysingstida, reformer som gjorde vesentlege inngrep i ei lang rekkje forhold i det danske samfunnet. Etter knappe to år ved makta vart han avsett ved eit kupp den 17. januar 1772 og deretter dømt til døden og avretta.
Oppvekst og ungdom
Johann Friedrich Struensee var son av Marie Dorothea og Adam Struensee. Faren var prest i Halle, professor i teologi ved Halle universitet og seinare biskop i Schleswig-Holstein. Han var òg pietist av den franckeske skole, ei retning som la vekt på det samfunnsnyttige aspekt og på same tid oppfordra medlemmane av trosretninga til å søkje verdsleg kunnskap.
Struensee blei skrive inn som medisinstudent ved universitetet i Halle i 1752. Det hadde vore fleire respekterte legar i familien til Struensee, mellom anna Johan Samuel Carl, som hadde vore livlege for Kristian VI, og som budde hos Adam Struensee etter at han gjekk av som lege i 1742.
Struensee fortalde sjølv at han hadde kjente vitskapsmenn som sine forbilde. Blant desse var den sveitsiske legen Albrecht von Haller og den franske filosofen Claude Adrien Helvétius. Den franske regjeringa bestemte at det mest kjende verket til Helvétius, De l'esprit frå 1758, skulle brennast på bålet offentleg. Struensees etterlatne boksamling viser og at han kjende til både Voltaire, Jean-Jacques Rousseau og Ludvig Holbergs Moralske Tanker, som Struensee hadde ei tysk omsetjing av. Struensee var slik svært påverka av ideane i opplysingstida, i tillegg til den pietistiske bakgrunnen som han hadde fått frå heimen.
I 1757 tok Struensee doktorgraden i medisin med ei avhandling kalla Om skaden ved forkjærte legemsbevegelser. Avhandlinga forklarte korleis ein hindrar skader ved å unngå feil bevegelsar og peikar fram mot tankane hans om oppseding. Under den tida han var ved makta i Danmark utsette han mellom anna den seinare kronprins Fredrik VI for desse ideane. Avhandlinga var merkeleg samanlikne med andre medisinske avhandlingar på same tid ettersom den ikkje nemner medisinske verk av forgjengarar, men berre var bygd på hans eigne observasjonar og eksperiment.[2]
Same år blei faren tilsett som prest i Altona, som var ein del av det danske rike. Struensee blei med familien til Altona og alt i 1758 blei han tilsett som stadsfysikus (bydoktor). Lønn var som for andre lågare offentlege embete på 70 riksdalar, noko som blei sett på som for lite til at ein anstendig borgar kunne leve av det. Saman med ein studiekamerat frå Halle, David Panning, begynte han difor å gi ut tidsskriftet Zum Nutzen und Vergnügen – «Til nytte og glede» – i 1763. Det var eit tidsskrift meint både som folkeopplysing og underhaldning. I ein artikkel blei det i eit satirisk teologisk språk gjort narr av legar som selde kvakksalvarmedisin for eigen vinning. Myndigheitene meinte dette var forderveleg for unge folk og eit hån av religionen, så tidsskriftet blei forboden og boktrykkaren fekk ei bot. Artikkelen var sannsynlegvis ikkje skriven av Struensee sjølv, men som redaktør var han ansvarleg for innhaldet i bladet.[3]
Året etter gav Struensee ut enda eit tidsskrift – Til Fremme av Vitenskapene, Kunsterne, Smaken og Sædene – som blei tillèt ettersom det ikkje inneheld satirisk stoff.
Embetet som lege gjorde at han kunne knytte kjennskap med adelen i området, mellom anna grev Schack Carl Rantzau. Det var gjennom hans kontaktar at Struensee blei utnemnt til reiselege for den kongelege utlandsreisa som sto for døra.
Kristian VII
Det ligg i naturen til saka at det ikkje har vore mogleg å stille den eksakte diagnosen på sinnstilstanden til kongen, men det er sannsynleg at kongen lei av schizofreni.[5] Etter kroning uttalte han at han «ville rase eit år». Han innleia med ei rekkje utskeiingar som omfatta alkohol, herjing og tokter i nattelivet i København og omgang med prostituerte. Den mest berykta av dei var Støvlett-Cathrine, som òg vart kongen si elskarinne. Men det vart etter kvart klårt for hoffet at hans «rasing» ikkje berre var uttrykk for ungdommeleg trong til opprør, men at det snarare var eit teikn på sinnssjukdom. Han utviste ynskje om å påføre andre smerte, samstundes med at han sjølv hadde ei overdriven frykt for å føle smerte på sin eigen kropp. I yngre år manifesterte sinnssjukdomen seg i lange periodar ved ekstrem fysisk aktivitet. Seinare tok den meir og meir karakter av kronisk trøyttleik, berre avbrote av einskilde kortvarige periodar med aktivitet.
I tillegg til desse symptoma var kongen òg svært lett å påverka. Dette innebar at den personen som kunne oppnå ei stilling som gav langvarig personleg tilgjenge til gemakka til kongen, lett kunne påverke avgjerdene hans. Sidan også den førre kongen, Frederik V, i det meste av sin regjeringsperiode hadde vist svært avgrensa interesse for regjeringshandlingane, eksisterte det allereie i førevegen eit utprega kabinettstyre. Difor var det slik at alt som trongst for å få realisert ynskja sine var monarken si underskrift på ein kongeleg kabinettordre. J.H.E. Bernstorff var i kraft av stillinga si som president for Tyske Kancelli utanriksminister i denne perioden. Dette innebar dengong at han hadde makt omtrent slik ein kombinert statsminister og utanriksminister ville hatt i dag. Samstundes var kongen sin yndlingsdrikkekamerat grev Holck, som Bernstorff tolererte, fordi han tilsynelatande hadde evna til å stette lystene til kongen med omsyn til utskeiingar.
Kristian VII si utanlandsreise
Den 6. mai 1768 drog Kristian VII ut på ei utanlandsreise. Struensee blei utnemnt til reiselege med ei årleg løn på 500 riksdalar, etter som den fungerande livlegen, Hans Piper, på det tidspunktet var 65 år gamal og neppe var i stand til å bli med på ei stor utanlandsreise.[6] Med på turen var òg Bernstorff, som ville halde personleg oppsyn med kongen. Allereie på dette tidspunktet hadde Kristian VIIs byrjande sinnsssjuke vist seg. Det var difor nødvendig for Bernstorff å oppretthalde eit godt inntrykk utover på denne reisa, som skulle gå til nokre av dei leiande kongehus i Europa.
Reisa gjekk ned gjennom Tyskland, nordover igjen til Nederland, derfrå til England. Deretter bar det igjen sørover gjennom Frankrike, og til slutt nordover gjennom Tyskland mot Danmark. I Cambridge i England vart Struensee utnemnt til medisinsk æresdoktor. I samband med eit kongeleg arrangement i Paris møtte han samtidas ledande franske opplysningsfilosofar som t.d. Jean le Rond d'Alembert, Claude Adrien Helvétius, Denis Diderot og Paul Henri Thiry d'Holbach.[7]
Sinnssjukdomen til kongen byrja på denne tida å endra seg frå det omgjengeleg aktive til tungsinn. Dette gledde Bernstorff, sidan kongen då ikkje gjorde så mange av dei «opptrinna» han hadde frykta, men til gjengjeld vart Struensee nærare knytt til kongen under reisa. Den 6. januar 1769 kom kongen til Danmark igjen og med han var Struensee som var blitt utnemnt til livlege, med ei løn på 1 000 riksdalar årleg.
Vegen til politikken
Struensee vart knytt nærare til kongen, og ved heimkomsten til hoffet byrja han å leggje merke til tilhøva der. På grunn av sinnssjukdomen til kongen og hans mange utskeiingar i samband med drikking og elskarinner var dronning Caroline Mathildes posisjon ved hoffet ikkje særleg behageleg. Det virkar som om Struensee var den einaste som såg dette, og det lukkast han å overtale kongen til å behandle dronninga med meir respekt. Slik vann han òg gunsten til dronninga, og rolla hans ved hoffet vert ytterlegare forsterka.
Favoritten til kongen var stadig grev Frederik Vilhelm Conrad Holck, som hadde vore drikkekameraten hans under utskeiingane. Struensee innsåg at greiv Holck måtte bli fjerna om han skulle oppnå full tillit hos kongen. I mai 1769 vert Struensee utnemnt til etatsråd og rykte dermed opp i rangordninga. Det virkar òg som om det var rett etter dette at Struensee innleia eit kjærleiksforhold til dronninga. I følgje historikaren Svend Cedergreen Bech leda dette til at ho vart gravid, men farskapet til Louise Agusta er ikkje mogleg å avgjere heilt sikkert.[9][10]
I byrjinga av 1770 vart Struensee utnemnt til kabinettsekretær for dronning Caroline Mathilde og til lærar for Kristian VII. Det er ikkje noko som talar for at han inntil dette tidspunktet medvite hadde søkt å få innverknad ved hoffet for å skaffe seg ei politisk stilling,[11] men frå da av byrja sannsynlegvis tanken om å oppnå ein maktposisjon å vekse fram hos han.
Sommaren 1770 reiste hoffet til Holstein og her lukkast det Struensee å få utmanøvrert grev Holck ved å introdusere Enevold Brandt for hoffet igjen.
Brandt hadde tidlegare vore assessor ved hoffet. I 1768 hadde han skrive eit brev til kongen om den dårlege innverknaden grev Holck hadde på han, noko som medførde at Brandt same år fekk avskjed i unåde. Likevel var han vorte ven med Struensee, og denne så ein mogleg avløysar som favoritten til kongen i Brandt. Ved hjelp av innverknaden til dronninga sørga dei for at Holck fekk avskjed og at Brandt vart innsett i staden. På denne måten lukkast det for Struensee å etterlikne Bernstorff i bruken hans av ein «løgesminister» som kunne påta seg vervet med å fylle behova til kongen for utskeiingar. Slik vart merksemda og interessa til kongen leda bort frå regjeringsarbeidet og intrigane som spelte seg ut ved hoffet.
Men det var òg naudsynt for Struensee å kvitte seg med Bernstorff. Posisjonen som utanriksminister, det vil seie president for det Tyske Kancelli, var den mektigaste stillinga innanfor den danske regjeringa på dette tidspunktet. Det var då òg Bernstorff som formulerte mesteparten av den danske politikken i denne perioden, så om Struensee skulle oppnå stillinga som kongen sin fortrulege, måtte Bernstorff bort. Den 15. september 1770 lukkast det han å finne eit høve til det. Det som gav høvet var at Bernstorff hadde sendt to orlogsskip på straffeaksjon mot algeriske piratar som hadde tatt danske og andre europeiske handelsskip i Middelhavet. Toktet enda som ein katastrofe. I desember overtalte Struensee kongen til å oppløyse gehejmekonseillet og innføre eit kabinettstyre med han sjølv i rollen som kongen sin einaste minister.
På maktas tinde
Struensees fyste problem var korleis han skulle innordne sin eigen, på dåverande tidspunkt, noko uformelle makt i den eksisterande administrasjonen. Det råd som i første rekkja sto for den gamle styreforma, var Gehejmekonseilet. Det bestod fyst og fremst av aristokratiske tyskarar og trass i at det opphavleg skulle vere ei rådgivande forsamling, var det her den eigentlege makta låg i dei periodane kongen ikkje var i stand til å styre. Struensee prøvde fyst å kontrollere dette ved å setje inn personar han meinte å kunne styre sjølv, mellom anna grev Rantzau, som hadde hjelpe Struensee på veg mot makta.
Men han innsåg snart at sjølve institusjonen ikkje var gjekk ihop med den effektivisering og forenkling av kongemakta som han prøvde å oppnå. Difor oppløyste han det den 8. desember 1770, utnemnde seg sjølv til «maître de requêtes» («sjef for ansøkningene»), og innan nyttår hadde han heilt oppheva institusjonen. Han oppretta i staden ein såkalla «konference», som bestod av leiarane for dei ulike dela av statsadministrasjonen, t.d. Peter Elias von Gähler, tidlegare medlem av gehejmekonseillet. Men sjølv om dette rådet berre var rådgivande, oppheva han dette òg. Moglegvis fordi det likna for mykje på det gamle og fordi Struensee ynskte å distansere seg frå det førre adelsveldet.[12]
Reformer i administrasjonen
Som maître de requêtes var det oppgåva til Struensees å overlevere søknader til kongen personleg. Og Struensee trong berre å gje ordre til kongen om å underskrive papiret, så lydde han. Struensee hadde difor uinnskrenka makt med omsyn til tilsetjingar ved hoffet. Det tydde at han kunne utnemne seg sjølv til kva for ei stilling som helst innanfor regjeringa, og det kom til å skje atskillege utskiftingar i hoffstaben og regjeringa, helst slik at adelege vart skifta ut med borgarlege personar som vart tilsett etter forteneste.
Den 22. desember 1770 tilsette han den danske diplomaten i Napoli (tidlegare i Sankt Petersborg) Adolph Sigfried von der Osten som utanriksminister, og samstundes skilde han dette embetet frå tilknytinga til presidentskapet i det tyske Kancelli.
Men Struensee kunne likevel ikkje få seg til å overlate administrasjonen av utanrikspolitikken til andre, og han sørga difor for at desse sakene skulle gå gjennom han før dei vart førelagt for kongen. Samstundes med at dei var usamde om grunnleggjande idéar i utanrikspolitikken, vekte dette motvilje hos von der Osten overfor Struensee.
På vårparten i 1771 tilsette han mellom anna bror sin, Carl August Struensee som leiar av finanskollegiet. Oppgåva hans var å sentralisere finansadministrasjonen og dessutan skilje kassa til kongen frå staten sin. Det skulle vere streng kontroll med finansane, og Carl August Struensee viste seg som ein dugeleg økonom og administrator.[13]
Sommaren 1771 utnemnde Struensee seg sjølv til geheimekabinettsminister og kunne gje ut kabinettsvedtak på eiga hand. Kongen gleid lengre inn i sinnssjukdomen, og Struensee si makt vart i røynda uavgrensa. Struensee skunda seg å gjennomføra ei rad reformer i styringsverket. Tilsetting i offentlege stillingar vart gjort avhengig berre av kvalifikasjonar. Byråkratiet i staten vart forenkla, og godseigarane si makt vart avgrensa. Skule- og helsevesenet skulle forbetrast. Bruk av tortur innan rettsstellet var forbode. Forordningane kom i stri straum, nær 2000 i den tida han hadde makta. Heilt i tråd med ideane i opplysingstida vart sensuren avskaffa og trykkefridom innførd. Trykkefridomen vart raskt utnytta til å gje ut skrifter med framstilling av Struensee sitt tilhøve til den unge dronninga.
Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Høvet vart nytta til å utnemna seg sjølv og venen Enevold Brandt til lensgrevar. Den 7. juli 1771 fekk Caroline Mathilde ei dotter, prinsesse Louise Augusta. Ho vart "lyst i kuld og køn", ved at kongen erklærte seg som faren. Den ålmenne meininga var at Struensee i røynda var faren.
Diktatoren
Jo djupare Struensee grov seg ned i reformarbeidet, jo fleire problem synst han å sjå. Over alt var det misforholdet og gamle privilegium som sto i motsetnad til hans eige rasjonelle syn på opplysningstankane. Det tydde òg at han kom til å gripe inn i alle krikar og krokar av den alminnelege borgar sin kvardag, først og fremst overfor dei offentleg tilsette, men forordningane hans kom til å få konsekvensar for alle samfunnslag.
Til trass for at Struensee utviste ei forbausande innsikt i administrasjonsmekanikken i staten, mangla han sans for realitetane i idéane sine. Då fleire av inngrepa førde til negative konsekvensar for mange menneske, breidde det seg ei stemning av uvilje mot han, òg mot dei reformene som ikkje hadde gjort noko vondt. På fødselsstiftelsen i København, ein allereie då gammal institusjon, beordra han at det skulle monterast ei luke med ei kasse. Her vart ugifte nybakte mødre oppfordra til å leggje spedborna sine i staden for å gå til ytterlegheiter, som t.d. å drepe barnet. Men dette vekte forarging hos borgarskapet i København, som meinte at dette var ei oppfordring til utukt. Under heile Struenseeperioden utgav historikaren Jacob Langebek lange anonyme smededikt mot Struensee. Om kassene skreiv han med indignasjon:
- «en kasse, som til udyd lægger vægt,/forsvager mennesket og mindsker dennes slægt»
Det til trass for at Frederik IV allereie ved grunnlegginga av Vajsenhuset i København i 1720 hadde beordra eit liknande opplegg der.
Struensee ved makta
Struensee gjennomførde raskt ei rekkje reformer: Offentlege tilsettingar skulle utelukkande skje etter kvalifikasjonar (4. september 1770), byråkratiet i staten vart forenkla (31. januar 1771), og godseigarane sin innverknad vart redusert (19. november 1770). Skule- og fattigvesenet skulle forbetrast (22. mars 1771 & 9. mai 1771).
Han avskaffa dødsdom for tjuveri (8. mars 1771) og forbaud bruk av tortur for å få mistenkte til å tilstå (16. november 1771). Han avskaffa bøter for graviditet utanfor ekteskapet og fjerna samstundes den juridiske distinksjonen mellom «ekteskapeleg avla» og born utanom ekteskap (6. mai 1771).
For å forbetre finansane til staten innførde han først og fremst ei rekkje sparetiltak. Han stoppa t.d. bygginga av den kostbare Frederikskirken (23. oktober 1770), innførde rasjonaliseringar i tollvesenet (23. juli 1771) og oppretta eit tallotteri kor overskotet skulle tilfalle statskassa (24. desember 1770). Den store mengda av offentleg tilsette som mista arbeidet sitt på grunn av desse sparetiltaka førde til at Struensee fekk enda fleire fiendar.
Med omsyn til handelspolitikken var Struensee tilhengar av ein liberalistisk tankegang, til skilnad frå den herskande merkantilistiske. Han fjerna monopol og oppheva importforboda. Det hadde tidlegare vore oppgåva til politiet å leite etter smuglargods, men med dei nye forordningane vart dette arbeidet overflødig. Løyvet til politiet til husransakingar for å handheve desse forboda vart difor òg fråteke dei (27. juli 1771).
Struensee har òg vorte tillagt ansvaret for å ha avskaffa ei rekkje hevdvunne heilagdagar ved Festdagsreduksjonen av 1770. Men i røynda var denne avgjerda teken før han tok over makta. Det var ei sak som kyrkja hadde godkjent, og som berre hadde lege og venta på kongeleg sanksjon. Sidan det var Struensee som godkjende avskaffinga, vart han tillagt heile ansvaret.[14]
Han planla òg store reformer på Københavns Universitet. Den norske biskopen Johan Ernst Gunnerus vart kalla til København for å utarbeide planar for dei. Gunnerus målbar resultata sine den 16. desember 1771, men Struensee var ikkje heilt tilfreds og gjekk i gang med å revidere forslaga.[15] Han rekte likevel ikkje å få gjennomført Universitetsreforma før han vart styrta. Det er til gjengjeld tydeleg at Struensee var utilfreds med det teologiske overherredømmet til fakultet i konsistoriet, og at planen ville ha endra på dette. Då den jødiske legen Simon Salomon Polac i 1771 hadde søkt om å få disputere for den medisinske doktorgraden ved Universitetet, vart søknaden avslått på grunn av religionen hans. Den 2. mai 1771 skreiv Struensee til Universitetet og framheva at ein frå no av ikkje skulle ta omsyn til religionen ved søknad om doktorgraden. Religionen og fagkunnskapen skulle vere to skilde storleikar.[16] Desse skritta forsterka utvilsamt presteskapets allereie svært utbreidde misnøye. Blant anna vart prestane Jørgen Hee og Balthasar Münter same år idømd bøter fordi dei i sine preiker ikkje berre hadde kritisert Struensees styre, men i realiteten òg hadde oppfordra til opprør mot det.[17]
Forordningane rann ut i ein jamn straum. Ein av dei var avsetjinga av magistraten i København med den grunngjevinga at byen vart for dårleg styrt. Struensee framsette nestan 2 000 forordningar i sin maktperiode. Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Under Struensees styre vart det i 1771 skrive ut ei forordning om at alle hus i større danske byar skulle forsynast med gatenummer.
Trykkefridom
Allereie innan Bernstorff vart avsett kom den første av Struensees mange kabinettordrar. Han oppheva all sensur og innførde full trykkefridom den 4. september 1770. Kabinettordren syner at Struensee følgde opplysningstidas tankar ned til minste detalj. Ingen annan stat i Europa hadde innført ein slik uinnskrenka trykkefridom. Sjølv dei landa som hadde ei relativt fri presse, slik som England, Nederland og Sverige, hadde atterhald i lovgivinga i samband med slikt som anonymitet og ærekrenkingar. Følgjene av dette vart då òg snart openbare for Struensee; pamflettane, i hovudsak mot Struensee og særleg om tilhøva hans til dronninga, kom ut i store mengder.
Dei skritta som skulle ha hjelpt Struensee til å skaffe seg velvilje i den utdanna delen av Københavns offentlegheit, fekk i staden folkestemninga til å vende seg mot han.[18]
Allereie han 7. oktober 1771 gav Struensee ut eit reskript som innskrenka den absolutte skrivefridommen. No skulle anten forfattaren eller boktrykkarens namn stå på tittelbladet til skriftet, men det demma ikkje opp for straumen av kritiske skrift.
Tilhøvet til stavnsbandet
Struensee hadde tenkt å endre tilhøva for bøndene, særleg for å avskaffe stavnsbandet. Han hadde sendt spurnaden ut til ein «Generallandvæsenskommission» under leiing av Georg Christian Oeder, som 1. august 1771 la fram sine synspunkt. Den var likevel i det store og heile negativ og kunne ikkje slutte seg til forslaget. Kommisjonen meinte at bonden ikkje ville vere i stand til å ta ansvar for seg sjølv etter så lang tids trældom, og den formulerte det slik: «En fugl, som fra begyndelsen har været spærret inde i et bur, bliver forvirret og forvilder sig, når døren pludselig åbner sig for den, og det ville ligeledes være til største skade for staten at forholde sig på den måde til bønderne.»[19]
I staden foreslo dei ein gradvis avskaffing over fleire generasjonar, så dei fengsla fuglane kunne venne seg til å leve utanfor buret. Struensee rakk aldri å ta noko ei avgjerd i denne saka. Han har sannsynlegvis ynskt ei hurtigare avskaffing, men han fekk aldri utarbeidt ein endeleg plan før han vart avsett. I april 1771 kom likevel ein hoveriforordning som fastsette kor mykje hoveri (ei yting i form av arbeidsdagar) godseigarane kunne krevje av bøndene sine.
Oppsedinga av kronprins Fredrik
Oppsedinga av kronprinsen gjekk føre seg etter ei særprega og svært bokstaveleg tolking av Rousseaus pedagogiske verk Émile, i tillegg til teoriane frå Struensees legestudium. Kronprinsen skulle ikkje ha ein lærer som innprenta han lærdom; han skulle i staden lære å klare seg sjølv. Det skjedde ved at han berre fekk ein hund og to jamnaldrande bondegutar som selskap. Han budde vekk frå dei vaksne og då han hadde vist at han var redd for trapper, vart maten hans servert på toppen av ei lita trapp som sto midt i rommet. I byrjinga fekk han springe fritt rundt i hagen i Hirscholm, men ein dag vart han funnen i dammen, der han hadde falle uti. Det vart difor bygd ei innhegning som han skulle opphalde seg i når han var ute.
Den 2. mai 1770 vaksinerte Struensee den unge prinsen mot koppar. Det var sannsynlegvis den første vaksinasjonen i Danmark. Og sjølv om prinsen låg sjuk ein periode på grunn av han, virka han etter planen.[20][21]
Struensee var òg tilhengar av mange kalde bad, og sjølv på vinterstid skulle kronprinsen utsetjast for dei. Dessutan gjekk han utan skor og strømper, noko som medførde at han fekk frostknutar i beina om vinteren, etter det fekk han tildelt ullstrømper. Følgja av denne oppsedinga var at sjølv i 4-år alderen hadde kronprinsen vanskeleg for å snakke og rykta gjekk om at Struensee prøvde å ta livet av han for å kunne innsetje si eiga linje i form av prinsessa.
Det er i hovudsak sveitsaren Elie Salomon François Reverdils augevitneskildring i boka Struensee og det danske hof 1760-1772 som er bakgrunnen for kunnskapen om oppsedinga av Fredrik.
Mytteri og planar om opprør
Matrostoget
Alvorlegare var tumultane i samband med matrostoget. Den 10. september innfann det seg ein stor flokk våpenlause matrosar ved Hirschholm. Dei hadde hatt problem med å få utbetalt løn, og av den grunn hadde dei valt å troppe opp hos kongen for å be om hjelpa hans. At ein så stor mengde folk plutseleg dukka opp, hadde tilsynelatande skremt både Struensee og dronning Caroline Mathilde frå sans og samling. Dronninga hadde beordra kammerjentene til å pakke og tenkte openbart på å flykte til Sverige. Men matrosane fekk forklart ærendet sitt til vakta og gjekk deretter fredeleg heim.
Julaftanfeiden
Ein annan liknande oppstand gjekk føre seg jula 1771 i samband med oppløysinga av fotgarden. Struensee hadde tidlegare, som eit ledd i storstilte militære reformer, oppløyst hestegarden, og no var turen kome til fotfolket. Garden var berre éit korps av mange i København, men denne fotgarden bestod, til skilnad frå nestan alle dei andre, utelukkande av nasjonalt verva troppar, først og fremst nordmenn. I ei tid kor mange danskar næret uvennskap mot tyskarane som bokstaveleg talt hadde overteke styringa av riket, var oppløysinga av denne «nasjonale» garden eit slag for mykje.
Struensee hadde i denne situasjonen berre sett på ordren om oppløysinga av garden som endå eit ledd i dei storstilte planane. Dei følgde Claude Louis de Saint-Germains tidlegare planar som allereie var freista to gonger før og forkasta. Saint-Germain, som var tilhengjar av det opplyste einevelde etter mønster av Fredrik II av Preussen, såg dei to gardane, hestegarden og fotgarden, som utan militær tyding og berre ein pryd til ære for kongehuset.
Gardane samla seg i protest og gjekk mot Frederiksberg slott, der Struensee og hoffet hald til, ikkje med opprørske tankar, men for å appellere til kongen sjølv om å stanse oppløysinga av korpset. Struensee møtte demonstrantane med forhandling, og det lukkast han å dempe gemytta. Men då resultatet av dette likevel enda med oppløysinga av garden og innrullering av offiserane i andre korps, skapte Struensee med dette ei sterk gruppe motstandarar innafor hæren, som no brukte alle kreftane sine på å vende andre offiserar mot Struensee.
Kupplanlegging
Struensee hadde lenge hatt to andre framståande motstandarar, nemleg enkjedronning Juliane Marie og sonen hennar arveprins Fredrik. Enkjedronninga hadde vektige grunnar for fiendskapet: I tillegg til bitterheita ved å sjå autoriteten til kongehuset i hendene på ein borgarleg fødd person, var det nærliggande at det var arveprinsen, som uoffisielt skulle ha vorte tildelt den eigenlege makta i riket. Den teologiske professoren Ove Høegh-Guldberg, som i 1764 hadde vore lærar til arveprinsen og seinare hadde vorte utnemnt til kabinettsekretær hos han, var eit dugeleg politisk talent som hjelpte enkjedronninga med å førebu eit kupp.
Opprørsplanane mot Struensee hadde gjæra lenge, men takka vere dei mange offiserane som plutseleg var vorte erklærde fiendar av Struensee, hadde kuppmakarane no fått høvet til å setje makt bak planane sine.
Det vart generalmajor Hans Henrik von Eickstedt og oberst Georg Ludvig von Køller-Banner, dei øvstbefalande for slottet sitt vaktkorps, som kom til å stå for den eigenlege maktbruken.
Misnøya hos innbyggjarane
I tillegg til alle fiendane Struensee sjølv hadde skaffa seg ved avskjedingar og omorganiseringar, eksisterte det ei generelt utbreidd misnøye med han i store delar av folkesetnaden. Kor ille det reint faktisk sto til med sjukdomen til kongen var sannsynlegvis ikkje ålment kjent utanfor hoffet. Det syntest difor å vere openlyst frekt at ein vanleg borgar, og det til og med ein lege utan noka form for politisk bakgrunn, hadde kunna oppnå så utvida fullmakter som Struensee hadde.
Endå verre var tilhøvet hans til dronninga. Man kan sjå av datidas litteratur at dei intime tilhøvet hans til Caroline Mathilde var ålment kjent, og det forsterka i høgaste grad den alminnelege oppfatninga at Struensee på einkvan måte heldt kongen som gissel, sidan han fann seg i eit slikt openlyst sidesprang. Det var denne oppfatninga kuppmakarane skjøna å utnytte då dei den 11. januar spreidde ryktet om at Struensee ville gjennomføre eit verkeleg statskupp. Struensee ville, sa ryktet, få kongen til å abdisere, og deretter setje inn seg sjølv som herskar med Caroline Mathilde som dronninga si.[22]
Arrestasjonen av Struensee
Rykta var ugrunna, men dei gav kuppmakarane påskot til å handle. Allereie 15. januar vart oberst Køller-Banner kalla inn til enkjedronninga for å motta ordrar om å utføre kuppet. Struensee og dronninga var på maskeball ved hoffet og ante ikkje uråd. 2. grenaderkompani av det falsterske regiment hadde fått levert ut skarpe patronar og sto marsjert opp ved slottet. Enkjedronninga hadde skrive arrestordrar på Struensee og alle nøkkelpersonar i styret hans, moglegvis skrivne ut av Høegh-Guldberg. Desse vart levert ut til Eickstedt og Köller, som gav dei vidare til sine underordna som skulle utføre dei. Det var ikkje lovleg grunnlag for desse ordrane ettersom dei ikkje var underskrive av kongen, men kuppmakarane hadde ingen skruplar med omsyn til å utføre dei.
Natta mellom den 16. og 17. januar 1772 gjekk enkjedronninga, arveprinsen og Guldberg til rommet til kongen og sikra seg han, samstundes som Köller gjekk til Struensees kammer med ei gruppe soldatar og arresterte han. Likeeins trong soldatar inn hos Brandt, dronninga og fleire andre av Struensees høgtståande embetsmenn, og dei vart alle ført bort.
Rettssak og avretting
Rettssaka
Struensee og Brandt vart arrestert og sett i fengselsceller på Kastellet. Dronninga vart køyrt til Kronborg slott i Helsingør og sett i husarrest. Då nyhendet om Struensees fall spreidde seg i byen, valde nokre å starte opptøyar i København for å feire det. Det gjekk ut over bordella, men òg det fornemme Gabels Kaffehus, som ifølgje folkeviddet skulle ha fungert som ein luksusbordell, men i realiteten snarare var oppretta av Struensee for på å starte ei dansk utgåve av den engelske «Lloyds of London», ein fornem klubb for handelsmenn til fremje av handelen.[23]
Det var viktig for dei nye makthavarane å skaffe ei legitim grunngjeving for å ha arrestert dronninga, som var syster av den britiske kongen, George III. Dette kunne berre skje dersom tilhøvet mellom Struensee og dronninga kom fram i ljoset.
Det vart gjort avhøyr av Struensee om dette den 21. februar. Men han svarte avvisande og til og med ofte smilande på spørsmåla. Dette skjedde inntil spørsmål nr. 239, som handla om i kva grad han hadde hatt seksuell omgang med dronninga. Her skifta tonen hans plutseleg, og det er nedskrive at han vert «klynkande», medan protokollen skriv at han tilstår. Assar Amdisen målber ein mistanke om at det kan ha vore nytta tortur. Dette vert styrka ytterlegare av handskrifta til Struensee på tilståinga, som først finn stad 25. februar. Skrifta er ujamn og liknar handskrifta hans i ein periode i 1770 etter at han hadde brote handa etter eit fall frå hesten.[24]
Problemet for klagarane var at den danske Kongelova ikkje tok høgd for ein situasjon der den eineveldige kongen var sinnssjuk og ute av stand til å regjere. Tilhøve med ein eigenleg makthavar som berre nytta ein viljelaus konge si underskrift hadde jo allereie eksistert innan Struensee kom til hoffet, berre med andre i rollen. Difor måtte Struensee dømmast for forholdet til dronninga, medan Brandt vart skulda for å ha bite kongen i fingeren under handgemeng for å dempe han under eit av hans mange hysteriske anfall. Rettssaka etterpå var berre ein formalitet. Til forsvarar for både Struensee og dronning Caroline Mathilde vart det oppnemnt den 28-årige advokaten Peter Uldall.
Struensee og Brandt vart dømt etter Kristian den femtes danske lov, 6. bog, 4. kapitel, 1. artikkel som lyder:
- «Hvo som laster Kongen eller Dronningen til Beskæmmelse, eller deres og ders Børn Liv eftertragter, have forbrudt Ære, Liv og Gods, den høire Haand af hannem levende afhugges, Kroppen parteres og lægges paa Steile og Hiul, og Hovedet med Haanden sættes paa en Stage[...] Er Misdæderen af Adel, eller høiere Stand, da skal hans Vaaben af Bødelen sønderbrydes, og alle hans Livsarvinger miste deres Stand og Stamme.»
Münters skrift
Under fengslinga vart prestane Balthasar Münter og Jørgen Hee frå Inkvisisjonsdomstolen beordra til å vitje fangane for å få dei til å skrifte og vedkjenne seg syndene sine. Desse to prestane var nettopp dei same som i 1771 hadde vore idømt bøter for å ha preika mot Struensees styre. Spesielt Struensee var kjent som tilhengar av deismen og ein hardnakka kritikar av kyrkja. Likevel gav Münter eit bel seinare ut skriftet Forrige Greve og Kongelige Danske Geheime-Cabinetsminister J.F. Struensees Omvendelshistorie som fortel korleis Struensee angrande omvende seg til kristendomen og beklaga alle handlingane sine.
Òg Hee gav ut Brandts historie i skriftet Paalidelig Underretning om den henrettede Enevold Brandts Forhold og Tænkemåde i hans Fængsel (1772). Men spesielt Münters skrift vart svært populært i heile Europa og vart nytta av motstandarane av opplysingstankene som prov på at heile grunnlaga deira var falskt. Historikaren Assar Amdisen hevdar likevel at skriftet for det meste er ei overdriving, om ikkje eit falsum.[25] At Struensee angrar stemmer ikkje overeins med protokollane av avhøyret frå denne perioden, dessutan er dei breva som Münter målberer som prov for Struensees omvending, ikkje å finne andre stader enn i hans eiga bok. Spørsmålet er, meiner Amdisen, om ikkje denne historia berre er ein del av ein fastlagd tradisjon i tida vedrørande dødsdømte forbrytarar og skjebnen deira.
Professor i teologi Jens Glebe-Møller er i boka si Struensees vej til skafottet (2007) samd i Amdisens vurdering av at skriftet til Münter er falskt. Han framhevar at særleg dei første 31 sidene i boka, som gjev seg ut for å vere Struensees eigenhendig skrivne omvendingshistorie, er så ulik Struensees språk og skrivemåte at det høgst sannsynleg er eit falskneri.[26] Glebe-Møller er samd i at Münters skrift er eit medvite komponert angrepsskrift, berekna på å få omvendt tilhengarane av den franskinspirerte opplysningsfilosofi til Münters eiga overbevising, nemleg neologismen, som er den teologiske utlegginga av den tyske filosofen Christian Wolffs filosofiske system. Men Glebe-Møller hevdar samstundes at der er så mange element av sanning i Münters forteljing, at det snarare dreier seg om ei tidleg utgåve av den moderne litterære sjangeren faksjon, og skriftet kan difor ikkje avskrivast fullt som ei rein oppdikting.[27] Samstundes tydleggjør Münters bok skilnaden på den franske og den tyske opplysninga i motsetnaden mellom Struensee og Münter, i det at den tyske opplysninga generelt søkte å spreie filosofien sin gjennom kyrkja, og ikkje som den franske, mot henne.[28]
Avrettinga
Kristian VII skreiv under dødsdommen som vart målbore for han, og han vart utført ved halshogging om morgonen den 28. april på Østerfælled – nåtidas Fælledpark. I kvar sin karet vart Struensee og Brandt køyrt ut dit i jarn og lenkjer. Først vart Brandt ført fram, han vart avkledd lenkjene og deretter alt tøyet sitt, med ca 30 000 frammøtte som tilskodarar – København hadde dengong ca 70 000 innbyggjarar. Den høgre handa hans vart hoggen av. Han ropte: «Jesu blod roper på min sjel!» før òg hovudet vart hogge av. Så var det Struensee sin tur. Enkjedronning Juliane Marie hadde tatt opphald på Frederiksberg slott – derifrå kunne ho sjå folkemengda. Kongen visste ikkje om avrettinga. [29]
Etter at Struensee hadde fått høgre handa hogd av, bomma bøddelen, Gotschalk Mühlhausen, slik at Struensee freista å reise seg og måtte haldast nede med makt. Mühlhausen viste deretter det avhogde hovudet fram til ei uvanleg taus folkemengd.[30]
Det var tydeleg at dei nye makthavarane hadde trong til å statuere eit døme, men ved å inkludere den gamaldagse parteringa virka straffa valdsam, sjølv for samtida. Jacob Gude (1754–1810), som sjølv såg avrettinga, skriv i sine erindringar:[31]
«Under Henrettelserne stod jeg tæt ved, hvor Holmens Magt [matroserne] var opstillet. Et ungt Menneske af disse sagde, da Struensees Hoved var afhugget: "Nu er det nok! Det andet (han mente Parteringen) kunde de gerne lade være." Hvor menneskeligen tænker ikke ofte den ringeste Almue!"»
Dei parterte lika vart deretter lagt på hjul og steile på Vesterfælled. Her hang dei i nokre år framover, til berre knoklane var att. Ingen veit kor dei vart gravlagd etterpå, men ein eller annan hadde klatra opp i ein stige og trekt ut ei framtann av munnen på Struensee. Ved ei utgraving på Enghavevej i 1895 fann ein to skjelett med dei lause krania plassert mellom beina. Då det eine hovudet mangla ei framtann, trudde ein at det kunne dreie seg om nettopp Struensee og Brandt. Dei vart gravlagd i Sankt Petri kyrkje.[32]
Referansar
- ↑ Asser Amdisen, s. 32-33
- ↑ Jens Glebe-Møller side 13
- ↑ Asser Amdisen side 27
- ↑ Christian 5.s krone frå Kongehuset.dk
- ↑ Ole Feldbæk, Gyldendal og Politikens Danmarkshistorie – bind 9, 2003, side 221
- ↑ Jens Glebe-Møller side 18
- ↑ Jens Glebe-Møller side 20
- ↑ Københavns hvornår skete det 1810
- ↑ Om begyndelsen til kærlighedsaffæren - Svend Cedergreen Bech side 172
- ↑ Om farskabet til Louise Agusta - Svend Cedergreen Bech side 263
- ↑ Svend Cedergreen Bech side 158
- ↑ Svend Cedergreen Bech side 230
- ↑ Svend Cedergreen Bech side 238
- ↑ Svend Cedergreen Bech side 243
- ↑ Jens Glebe-Møller side 42
- ↑ Jens Glebe-Møller side 43
- ↑ Jens Glebe-Møller side 44
- ↑ Edvard Holm – Nogle Hovedtræk af Trykkefrihedstidens Historie, København 1885 (2. opplag 1975), side 159
- ↑ Johnny Thiedecke, For folket – Oplysning, magt og vanvid i Struensee-tidens Danmark, Pantheon, 2004, side 86.
- ↑ Kopparvaksinen: Metoden blir skildra av Struensee i artikkelen Tankane til ein lege om folkesetnaden i landet i bladet Til nytte og fornøyelse. Han nytta inokulasjon, ein metode som hadde kome frå Tyrkia i 1721. Ved inokulasjon førde ein små bitar av eit koppesår inn i blodomløpet til ein frisk person. Inntil Edward Jenner oppfann kopparvaksinen i 1796 var dette den einaste måten å avgrense kopparepidemier på.
- ↑ Asser Amdisen side 25
- ↑ Ole Feldbæk: Gyldendal og Politikens Danmarkshistorie – bind 9, 2003, s. 227 ff
- ↑ Asser Amdisen side 141
- ↑ Asser Amdisen side 147-149
- ↑ Asser Amdisen, s. 154-157
- ↑ Jens Glebe-Møller side 54
- ↑ Jens Glebe-Møller side 106-107
- ↑ Jens Glebe-Møller side 108
- ↑ Peder Bundgaard: København – du har alt (s.100), forlaget Borgen, København 1996, ISBN 87-21-00499-4
- ↑ Asser Amdisen side 157
- ↑ Julius Clausen og P. Fr. Rist (utgivere), En kjøbenhavnsk Embedsmand Jacob Gudes Optegnelser 1754-1810, bind XXVII i serien Memoirer og Breve, Gyldendal, 1918, side 59
- ↑ Asser Amdisen side 160
Litteratur
- Svend Cedergreen Bech (1972). Struensee og hans tid. Politikens forlag. ISBN 87-567-1581-1.
- Asser Amdisen (2002). Til nytte og fornøjelse: Johann Friedrich Struensee. Akademisk Forlag. ISBN 87-500-3730-7.
- Jens Glebe-Møller (2007). Struensees vej til skafottet - fornuft og åbenbaring i Oplysningstiden. Museum Tusculanums forlag. ISBN 978-87-635-0513-0
Bakgrunnsstoff
- Artikkel om Struensee frå Store norske leksikon
- Biografi om Struensee, frå Dansk biografisk Lexikon (dansk)
- Om Struensee frå Danmarkshistorien.dk
- Struensee – kærlighed, vanvid og idealisme i 1700-tallet nettutstilling frå Statens Arkiver
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |