Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Jean le Rond d'Alembert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean le Rond d'Alembert

Fødd16. november 1717
Paris
Død29. oktober 1783
Paris
NasjonalitetFrankrike, Kongedømet Frankrike
Områdematematikk, mekanikk
Yrkefilosof, matematikar, fysikar, musikkforskar, omsetjar, skribent, musikkteoretikar, Encyclopédistes, ingeniør, astronom, leksikograf, intellektuell
Alma materUniversitetet i Paris
Collège des Quatre-Nations
DoktorgradsrettleiarLéonor Caron
MedlemRoyal Society
Académie française
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Accademia delle Scienze di Torino

Jean le Rond d'Alembert (16. november 171729. oktober 1783) var ein fransk matematikar, fysikar og filosof.[1][1] Saman med Denis Diderot var han hovudredaktør for Encyclopédie. D'Alembert-prinsippet har namn etter han.[1]

Han og Diderot (og Encyklopedien) var oppførte på Index librorum prohibitorum, den katolske kyrkja si liste over forbodne bøker.[2]

Han var uekte son av den kjende frua de Tencin og ein ingeniøroffiser Desstouches. Foreldra sette barnet ut, og han blei funnen ved kyrkja St Jean le Rond, som han fekk namn etter; d'Alembert er eit namn han tok i bruk seinare. Barnet var så svakt at politiet ikkje torde levera det ved hittebarnhospitalet, men sette det i pleie hjå ei fattig kone. D'Alembert blei buande med denne pleiemora fram til legen hans tvinga han til å flytta frå det fattige husværet hennar. Deretter budde han i huset til frøken de l'Epinasse, den systerlike venninna hans. Etter at ho døydde budde han i ein embetsbustad i Palais du Louvre. Far hans hadde utsett ei livrente for han og sytt for utdanninga hans.[1]

Det blei tidleg klart av han hadde store gåver: allereie som ung advokat overrekte han i 1739-40 to avhandlingar tilvitskapsakademiet (høvesvis om rørsla i ei væske til faste lekamar og om integralrekning), og året etter blei han gjort til medlem av akademiet. Han skreiv no ei rekkje naturvitskapelege verk. I Traité de dynamique (1743) sette han opp det som er blitt kalla d'Alembert-prinsippet etter han. Dette går ut på, at ein, når eit system av forbundne materielle punkt blir sett i rørsle, kan redusera problemet til rørsla til eit likevektsproblem. Seinare gav Gauss dette prinsippet ei meir omfattande form. D'Alembert skreiv i tillegg Traité de l'équilibre et du mouvement des fluides (1745) og Réflexions sur la cause générale des vents (1746), som gav han ein pris frå Berlin-akademiets og gjorde han til medlem der.[1] Fredrik den store ville seinare fleire gongar ha utnemnt han til president for akademiet, noko d'Alembert avslo. Han stod kongen personleg nær, vitja han to gongar og brevveksla med han.[3] I 1749 skreiv han Recherches sur la précession des équinoxes et sur la nutation de l’axe de la terre, og i 1750-åra skreiv han ei rekkje viktige astronomiske arbeid.[4]

Som filosof er d'Alembert mest kjend gjennom innleiinga si til den store franske encyklopedien Discours préliminaire (1750), der han ville gje eit oversyn over alle utviklinga og den innbyrdes stillinga til alle vitskapar. I sjølve encyklopedien forfatta han dei matematiske artiklane, og endeleg skreiv han på oppfordring frå Fredrik den store Essai sur les éléments de philosophie (1759). I filosofien sin er d'Alembert mest påverka av Montaigne, Bacon og Locke. I vesentlege spørsmål stod han på grunnlaget til den engelske empirismen. Som menneske og filosof minner han i mykje om den nære personlege vennen sin David Hume. Han var ein var mann, og av angst for bryderi gav han i 1756 opp arbeidet sitt med encyklopedien. Han var ein skeptikar, med respekt for den klare tanken og den fulle forståinga for sikkerheita som gjer seg gjeldande i matematikken. Han skal ha hatt ein open, elskverdig og munter natur. I eit svært smigrande brev bad Katarina II i 1762 d'Alembert om å vera oppdragar for sonen hennar, men tilbodet blei avslått. I 1779 skreiv d'Alembert Éléments de musique théorique et practique suivant les principes de M. Rameau. I 1772 var han blitt sekretær ved det franske akademiet, og etter at Voltaire døydde blei han sett på som leiaren for den franske opplysingsfilosofien.[4]

I tillegg til verka nemnde over gav d'Alembert ut ei rekkje matematiske avhandlingar, Opuscules mathématiques (1761—80). Verka hans blei gjevne ut av Belin i 1821-22.[4]