Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Lysdiode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 19. oktober 2022 kl. 13:50 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Lysdiodar

Ein lysdiode eller ljosdiode (eller LED, light-emitting diode) er ein elektrisk komponent som lyser med eit inkoherent monokromatisk lys når lysdioden vert forspent i framoverretning. Fargen vert bestemt av kva slags halvleiarmateriale som vert brukt, og kan vere ultrafiolett, synleg eller infraraudt lys. Prinsippet byggjer på at elektron-hol-par vert rekombinert over PN-overgangen. Det vert då frigjordt energi, i form av fotonar.

Bruksområde

[endre | endre wikiteksten]

I mange tiår har lysdiodar vorte nytta som indikatorlamper for ulike elektriske apparat. Større diodar kan også brukast til belysning.

Føremonar

[endre | endre wikiteksten]

Lysdioden har høgre verkningsgrad og varar lengre (over 100 000 timar) enn ei glødelampe (ca 1 000 timar), eller halogenlampe (ca 10 000 timar). Dei nyaste modellane er (tilnærma) ufølsomme for temperaturvariasjonar, risting og vibrasjonar sidan dei ikkje har nokon lause delar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: LED