Menen
Utsjånad
Menen | |||||
---|---|---|---|---|---|
Rådhuset i Menen | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins |
Belgia Flandern Vest-Flandern | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 33,16 km² | ||||
Flatevidd - By |
33,07 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
32 413 980/km² | ||||
Koordinatar | 50°48′N 03°07′E / 50.800°N 3.117°E | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 8930 | ||||
Telefon-retningsnummer | 056 | ||||
Heimeside: https://www.menen.be | |||||
Nettstad: www.menen.be | |||||
Plassering | |||||
Plassering av Menen i Vest-Flandern |
Menen (fransk Menin) er ein kommune i Vest-Flandern i Belgia. Kommunen består av sjølve byen Menen og byane Lauwe og Rekkem. Byen ligg ved grensa til Frankrike og har om lag 32 000 innbyggjarar.
Menen har gjeve namn til Menenporten i Ieper, som er eit monument for dei som mista livet i den første verdskrigen. Porten har dette namnet fordi vegen han dekkjer går til Menen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Menen si plassering nær den franske grensa førte til mange omleiringar gjennom historia til byen. Det har vore så mange som 22 omleiringar mellom 1579 og 1830. Byen var då òg ein del av Frankrike mellom 1668 og 1713. Vauban gjorde Menen til ei modellfestning i 1679-1689. Byen vart omleira og erobra av hertugen av Marlborough sin allierte hær i august 1706.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Menen» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2008.