Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Nyhende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 30. juli 2012 kl. 16:20 av ZéroBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: eu:Albiste)

Nyhende (substantiv inkjekjønn) eller nyheit (substantiv hokjønn) er opplysningar eller skildringar som er blitt formidla av media og/eller på folkemunne om nylege eller samtidige hendingar. Omgrepet 'nyhende' vert ofte avstytta til 'nytt', som til dømes i samanhangar som «nytt frå Noreg» og liknande.

Typiske nyhende kan vera opplysningar om uhell og ulukker, om det som skjer i samfunnslivet, som til dømes i politikken og økonomien, eller hendingar som har med livet til einskildspersonar å gjera. Ein talar òg ofte om nyhende i samband med til dømes nye tankar, doktrinar, idear, nye tekniske løysingar, ny formgjeving, nye motar etc. som er gjort kjent for ålmenta eller for den krinsen av fagfolk og/eller andre som har interesse av dei.

Aviser og tidsskrift, radio- og fjernsynsstasjonar er tradisjonelle kanalar for formidling av nyhende til eit større publikum. Internett er ein nyare kanal som gjer det mogleg for fleire å formidla og kommentera det dei meiner er nyhende.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.