Nyhende
Utsjånad
Nyhende er det som blir formidla om nylege eller samtidige hendingar av media og på folkemunne. Typiske nyhende kan vera det som skjer i samfunnslivet, som politikk og økonomi, eller hendingar som har med livet til einskildspersonar å gjera. Aviser, radio- og fjernsynsstasjonar er tradisjonelle kanalar for nyhende til eit større publikum. Internett er ein nyare kanal som gjer det mogleg for fleire å formidla og kommentera det dei meiner er nyhende.