Paul Waaktaar-Savoy
Paul Waaktaar-Savoy | |||
| |||
Fødd | 6. september 1961 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Fødenamn | Pål Waaktaar Gamst | ||
Opphav | Noreg, USA | ||
Aktiv | 1976– | ||
Sjanger | synthpop | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | komponist, songar, musikar, gitarist, pianist, låtskrivar | ||
Gift med | Lauren Savoy | ||
Prisar | ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden |
Paul Waaktaar-Savoy, fødenamn Pål Waaktaar Gamst (fødd 6. september 1961) er ein norsk gitarist og låtskrivar frå Oslo, busett i New York.
Bridges og A-ha
[endre | endre wikiteksten]Pål Waaktaar Gamst byrja karrieren sin i bandet Bridges saman med barndomsvenen Magne Furuholmen. Etter kvart kom dei to i kontakt med Morten Harket, og reiste til England for å spela inn plate. Plata fekk namnet Hunting High and Low og vart debuten til A-ha. Waaktaar skreiv låtar og spelte gitar i bandet fram til dei tok pause rundt 1993. Dei hadde stor suksess i denne tida, og vann fleire Spellemannprisar.
Savoy og gjenforeining
[endre | endre wikiteksten]I 1991 gifte han seg med Lauren Savoy frå USA, og endra namnet sitt til Paul Waaktaar-Savoy. Paul og Lauren gjekk saman med Frode Unneland og Popium om å danna musikkgruppa Savoy. Fyrste Savoy-plate; Mary Is Coming kom ut i 1996, og fram til i dag har gruppa gjeve ut seks album og vunne to Spellemannprisar.
I 2000 kom A-ha saman igjen og gjorde eit svært vellukka comeback som varte i ti år; den siste turnéen deira vart avslutta i Oslo i 2010.
Lauren
[endre | endre wikiteksten]Paul og Lauren Waaktaar-Savoy er framleis busett i New York. Dei har ein son saman. [1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Waaktaar-Savoy» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2011.