Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ragnhild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. februar 2005 kl. 01:19 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Andre: +ein Ragnhild)


Ragnhild er eit norsk kvinnenamn og førenamn. Namnet stammar frå norrøn tid og er sett saman av Ragn- og hild. Ein finn det att på Island som Ragnhildur og på Irland som Ragnhailt.

Ein kjenner til at namnet vart brukt frå 800-talet. Det haldt seg i bruk gjennom kristninga og reformasjonen, og var særleg mykje brukt i Oppland.

Namnet er òg eit tradisjonelt kongeleg namn som var bore av fleire norske dronningar. I soga om Halvdan Svarte i Heimskringla skriv Snorre Sturlason om dronning Ragnhild Sigurdsdotter som drøymde store draumar om korleis etterslekta hennar skulle styra landet.

Ragnhild vart svært populært rundt 1930, då Prinsesse Ragnhild vart fødd og fekk dette namnet. Sidan har det tapa popularitet. Det er omlag 16.500 som heiter Ragnhild i Norge i dag (SSB 2005).

Personar med Ragnhild som førenamn

Norske kongelege

Andre

Anna

  • Ragnhild er namnet på ein trilogi og første boka i trilogien, skrive av Olav Duun

På verdsveven