Santamartasmett
Santamartasmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiinga av Santamartasmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Troglodytes |
Art: | Santamartasmett T. monticola |
Vitskapleg namn | |
Troglodytes monticola |
Santamartasmett (Troglodytes monticola) er ein kritisk truga fugleart i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Santamartasmetten deler den typiske 'smettforma' med slektningen gjerdesmetten, men er litt større, ca. 11,5 centimeter. I hovudsak er dette ein brun til raudbrun uroleg liten fugl med mørke tverrstriper over heile bakkroppen, inkludert halen. Augestripa er lysebrun. Buken er lys, undergumpen kvit med mørke tverrstriper.[1]
Denne smetten har habitat i utkanten av elfinskog og i páramo-økosystem, mellom 3200 og 4800 moh. i sentrale Sierra Nevada de Santa Marta. Her er han særs lite observert. Ein trur det er færre enn 370 gjenlevande individ og populasjonen er minkande.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kroodsma, D., Brewer, D. & Sharpe, C.J. (2015). Santa Marta Wren (Troglodytes monticola) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Troglodytes monticola. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2015
- Referansar