Tysfjord kommune
- For fjorden med same namn, sjå Tysfjorden.
Tysfjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Kjøpsvik | ||
Areal | 1 464 km² | ||
• land | 1 361 km² | ||
• vatn | 103 km² | ||
Målform | bokmål, nynorsk | ||
Norsk målform | nøytral | ||
Samisk språk | lulesamisk | ||
Ordførar | Tor Asgeir Johansen (Ap) | ||
Kommunenr. | 1850 | ||
Tysfjord kommune 68°03′51″N 16°28′50″E / 68.064167°N 16.480556°E | |||
Kart som viser Tysfjord kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Tysfjord | |||
Nettstad: www.tysfjord.kommune.no |
Tysfjord (lulesamisk Divttasvuodna) er ein tidlegare norsk kommune i Ofoten i Nordland. Frå 1. januar 2020 vart arealet delt i to og slått saman med høvesvis Hamarøy kommune og nye Narvik kommune (som òg inkluderer gamle Ballangen kommune).
Tysfjord kommune vart innlemma i Samisk språkforvaltingsområde 1. januar 2006, og var den einaste frå lulesamisk område på norsk side. Då kommunen vart delt vart den nye samanslåtte Hamarøy kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.
Administrasjonssentrum i Tysfjord var Kjøpsvik. Andre tettstader innanfor den gamle kommunegrensa er Drag, Storjord og Musken.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Den 1520 meter over havet høge Bjørntoppen, som ligg inne på høgfjellet aust for folkesetnaden, to kilometer vest for riksgrensa mot Sverige, er høgste fjelltoppen i Tysfjord kommune.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Norcem har ein sementfabrikk i Kjøpsvik, med ca. 130 tilsette. Sementfabrikken vart etablert i 1920, og er basert på kalkstein.
Kultur og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Árran lulesamiske senter
[endre | endre wikiteksten]På Drag ligg det lulesamiske senteret Árran. Senteret har ulike funksjonar innanfor administrasjon og undervisning, det inneheld eit lulesamisk museum og ein lulesamisk barnehage. Det inneheld også ei av Sametinget sine avdelingar, og Universitetet i Nordland sitt arbeid med lulesamisk. Árran arrangerer også kurs i lulesamisk.
Utdanningsinstitusjonar
[endre | endre wikiteksten]Tysfjord kommune har tre grunnskolar, i Kjøpsvik, Drag og Storjord. Skolen i Drag er den einaste grunnskolen i Noreg som underviser i lulesamisk språk.
Kjende tysfjerdingar
[endre | endre wikiteksten]- Sven-Roald Nystø, tidlegare Sametingspresident
- Mikael Urheim, lærar som var med og standardiserte lulesamisk skriftspråk
- Stig Gælok, lulesamisk forfattar
- Frank A. Jenssen, forfattar
- Jack Berntsen, visediktar
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tysfjord kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2014.