Ulvsvåg
Utsjånad
68°7′8.9616″N 15°52′10.484″E / 68.119156000°N 15.86957889°E
Ulvsvåg (lulesamisk Ulsváhke) er ein busetnad i Hamarøy kommune i Nordland, ved E 6, ved Stordjupet, ein arm av Vestfjorden. Herfrå går Fv81 vestover til kommunesenteret Oppeid og Skutvik.
Dei fleste innbyggjarane bur i Nausthågen, og sentrum, med butikk, gjestgivariet, verkstad og bensinstasjon, blir populært kalla Krysset. Barneskulen i området er Ulvsvåg skole.
Første ledd i namnet på staden kjem av mannsnamnet Ulv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Ulvsvåg» i Store norske leksikon, snl.no.