Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Undercover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undercover
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 7. november 1983
Innspelt November 1982-august 1983
Sjanger Hardrock, new wave
Lengd 44:46
Selskap Rolling Stones
Produsent The Glimmer Twins, Chris Kimsey
The Rolling Stones-kronologi 
Tattoo You
(1981)
Undercover Dirty Work
(1986)
Singlar frå Undercover
  1. «Undercover of the Night»
    Utgjeve: 1. november 1983
  2. «She Was Hot»
    Utgjeve: 23. januar 1984
  3. «Too Much Blood»
    Utgjeve: 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Blender4/5 stars
Robert ChristgauC+[2]
MusicHound2/5[3]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[4]

Undercover er eit album av The Rolling Stones frå 1983. Etter det førre studioalbumet deira, Tattoo You, som hovudsakleg var ei samling av tidlegare innspelingar, var Undercover det første albumet deira med nye songar spelt inn i 1980-åra. Etter kvart som MTV-generasjonen var på god veg fram, prøvde The Rolling Stones å tilpasse seg den nye æraen.

På grunn av framsteg innan innspelingsteknologi slo The Glimmer Twins (som var Mick Jagger og Keith Richards) seg offisielt i saman med produsent Chris Kimsey, den første produsenten dei nytta seg av sidan Jimmy Miller, om lag 10 år tidlegare. Innspelinga starta i november 1982 i Paris. Dei gjorde ferdig albumet sommaren etter i New York City.

Innspelinga av Undercover var ein vanskeleg prosess, hovudsakleg fordi striden mellom Jagger og Richards no var i full gang. Jagger ønskte å eksperimentere med nye stilartar, medan Richards ønskte å halde bandet til rock og bluesrøter. Dette førte til mykje gnissingar og spaning mellom dei to frontmennene i The Rolling Stones dei neste åra.

Tekstane på Undercover er av dei mest makabre Mick Jagger har skrive og hovudsingelen «Undercover of the Night» hadde mange uhyggelege tema og var ein sjeldan politisk song om Sør-Amerika. Det same hadde songane «Tie You Up (The Pain Of Love)» og «Too Much Blood». Undercover er ei blanding av hardrock, reggae og new wave, og syner tautrekkinga mellom Jagger og Richards. «Pretty Beat Up» er hovudsakleg ein song av Ronnie Wood og Jagger og Richards var visstnok begge motvillige til å ta han med på albumet.

Undercover kom ut i november 1983 og fekk generelt god kritikk. Han nådde tredjeplassen i Storbritannia og Noreg, og fjerdeplassen i USA. Albumet var det første etter åtte førsteplassar på rad i USA (utanom samlinga og konsertalbum), og hadde heller ikkje nokre store hitsinglar.

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Undercover deler framleis kritikarar og tilhengjarar. Sjølv om det vart hylla av fleire kritikarar då det kom ut, reknar mange tilhengjarar albumet som eit av deira svakaste, eit syn Jagger sjølv har delt i intervju seinare. Enkelte kritikarar har trekt fram produksjonen som eit svakt punkt. Andre har sett dei ufyselege tekstane i samanheng med striden mellom Jagger og Richards. Albumet var det siste seriøse forsøket bandet hadde på å ta bandet i ei ny musikalsk retning, og seinare (og meir populære) album har gått meir tilbake til den opphavlege rock- og bluesstilen frå tidleg i 1970-åra.

I 2005 hadde musikkmagasinet Q songen «Undercover of the Night» på lista si «Ten Terrible Records by Great Bands» («Ti grufulle plater av store band»).

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Undercover of the Night»4:32
2.«She Was Hot»4:41
3.«Tie You Up (The Pain Of Love)»4:16
4.«Wanna Hold You»4:37
5.«Feel On Baby»5:07
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Too Much Blood»6:14
7.«Pretty Beat Up» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood)4:04
8.«Too Tough»3:52
9.«All The Way Down»3:14
10.«It Must Be Hell»5:04

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

  • Mick Jagger – solo- og korvokal, elektrisk gitar, munnspel
  • Keith Richards – elektrisk gitar, korvokal; solovokal på «Wanna Hold You»; bassgitar på «Pretty Beat Up»
  • Ronnie Wood – elektrisk og slidegitar, korvokal; bassgitar på «Tie You Up» og «Wanna Hold You»
  • Bill Wyman – bassgitar, perkusjon; piano på «Pretty Beat Up»
  • Charlie Watts – trommer

Andre medverkande

Teknisk

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1983–84) Plassering
Australske Kent Music Report[6] 3
Den austerrikske albumlista[7] 8
Canadian RPM Albums Chart[8] 2
Den nederlandske albumlista[9] 1
Den franske SNEP-lista[10] 11
Den tyske Media Control-lista[11] 2
Den italienske albumlista[12] 10
Den japanske Oricon-lista[13] 12
Den newzealandske albumlista[14] 2
Noreg - VG-lista[15] 3
Den spanske albumlista[16] 5
Den svenske albumlista[17] 1
Den sveitsiske albumlista[18] 5
UK Albums Chart[19] 3
US Billboard 200[20] 4

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1983) Plassering
Den australske albumlista[6] 73
Den kanadiske albumlista[21] 45
Den nederlandske albumlista[22] 29
Den franske albumlista[23] 87
Den italienske albumlista[12] 58
Liste (1984) Plassering
Den australske albumlista[6] 87
Den kanadiske albumlista[24] 33
Den nederlandske albumlista[25] 93

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[26] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[27] Gull 100 000^
USA (RIAA)[28] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

  1. lenkje
  2. lenkje
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Archived version retrieved 15. november 2014.
  5. Saulnier, Jason (8. april 2010). «Chuck Leavell Interview». Music Legends. Henta 29. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «The Rolling Stones – Undercover – austriancharts.at» (ASP). Henta 29. mars 2018. 
  8. «Top Albums/CDs - Volume 39, No. 16». RPM. 17. desember 1983. Henta 29. mars 2018. 
  9. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Undercover» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 29. mars 2018. 
  10. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 29. mars 2018. Merk: vel 'The Rolling Stones' frå lista.
  11. «Album Search: The Rolling Stones – Undercover» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 29. mars 2018. 
  12. 12,0 12,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1983» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 29. mars 2018. 
  13. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  14. «charts.org.nz The Rolling Stones – Undercover». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 1. oktober 2013. Henta 29. mars 2018. 
  15. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP). Henta 29. mars 2018. 
  16. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  17. «swedishcharts.com The Rolling Stones – Undercover» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 29. mars 2018. 
  18. «The Rolling Stones – Undercover – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 29. mars 2018. 
  19. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 29. mars 2018. 
  20. «Allmusic: Undercover : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 29. mars 2018. 
  21. «RPM Top 100 Albums of 1983». RPM. 24. desember 1983. Henta 29. mars 2018. 
  22. «Dutch charts jaaroverzichten 1983» (ASP) (på nederlandsk). Henta 29. mars 2018. 
  23. «Les Albums (CD) de 1983 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 29. mars 2018. 
  24. «Top 100 Albums of 1984». RPM. 5. januar 1985. Henta 29. mai 2011. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1984» (ASP) (på nederlandsk). Henta 29. mars 2018. 
  26. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  27. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Undercover». British Phonographic Industry.  Enter Undercover in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  28. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Undercover». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH