Vaduz
Vaduz | |||||
---|---|---|---|---|---|
Schloss Vaduz | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land |
Liechtenstein | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 17,3 km² | ||||
Flatevidd - By |
17,3 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
5 143 288/km² | ||||
Koordinatar | 47°08′N 9°31′E / 47.133°N 9.517°E | ||||
Høgd over havet | 445 m | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 9490 | ||||
Telefon-retningsnummer | 7001 | ||||
Heimeside: www.vaduz.li | |||||
Plassering | |||||
Vaduz og eksklavane i Liechtenstein |
Vaduz er hovudstad i fyrstedømet Liechtenstein og sete for nasjonalparlamentet. Byen, som ligg ved Rhinen, har 5 248 (2006) som hovudsakleg er romersk-katolske. Domkyrkja er sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.
Sjølv Vaduz er den mest kjende staden i Liechtenstein er han ikkje den største landsbyen i fyrstedømet. Nabokommunen Schaan har litt fleire innbyggjarar.
Historie
Vaduz skal visstnok ha vorte nemnd i historiske kjelder på 1100-talet som Farduzes. Han vert derimot rekna for å ha vorte grunnlagd på 1200-talet av grevane av Werdenberg. I 1322 vert det nemnd at det vart bygd ei borg, som vart plyndra av sveitsarane i 1499.
Landemerke
Det mest kjende landemerke i Vaduz er Schloss Vaduz, residensen til fyrsten av Liechtenstein og fyrstefamilien. Slottet er synleg frå nesten alle stader i Vaduz og ligg på toppen av ein bratt ås i midten av byen.
Museum
Det nasjonale kunstgalleriet og nasjonalmuseumet ligg i Vaduz. Kunstgalleriet (Kunstmuseum Liechtenstein) inneheld moderne kunst og samtidskunst. Bygget er eit arkitektonisk landemerke bygd av dei sveitsiske arkitektane Morger, Degelo og Kerez. Det stod ferdig i 2000 og dannar ein «svart boks» med farga betong og svart basaltstein. Museumssamlinga er òg den nasjonale kunstsamlinga til Liechtenstein.
Liechtenstein nasjonalmuseum viser ei permanent utstilling av kultur- og naturhistoria til Liechtenstein i tillegg til nokre spesielle utstillingar. Ein finn òg eit frimerkemuseum og eit skimuseum i byen.
Turisme
Vaduz har ein livleg turistindustri trass i at han er ein av særs få hovudstader i verda utan flyplass eller jernbanestasjon. Den næraste jernbanestasjonen ligg i Sargans i Sveits, om lag 7 km frå Vaduz. Vaduz har derimot eit effektivt bussnettverk som ofte har avgangar til Sargans og Buchs (i Sveits). Mobile turistkontor finn ein i sentrale område gjennom turistsesongen. Byen har ein livleg marknad som sel handlaga suvenirar.
Sport
FC Vaduz er det lokale fotballaget i Liechtenstein, og både dette og andre lag i landet spelar i den sveitsiske ligaen.
Bilete
-
Sentrum av Vaduz
-
Kunstmuseum Liechtenstein i Vaduz
-
Sentrum av Vaduz
-
Arkitektur i Vaduz
-
Slottet i Vaduz
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vaduz» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2008.