9A52 Smertsj
Utsjånad
9A52 Smertsj (russisk Смерч, 'kvervelvind'), 9K58 Smertsj eller 9A52-2 Smertsj-M er ein sovjetisk tung rakettkastar. Systemet er utforma for å slå ut personell, pansra kjøretøy og mjuke mål mål i konsentrasjonsområde, til dømes artilleribatteri, kommandoanlegg og ammunisjondepot. Rakettkastaren vart lansert tidleg på 1980-talet og gjekk inn i teneste i den sovjetiske hæren i 1989.[1][2][3]
Komponentar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste komponentane i 9K58 Smertsj-systemet er følgjande:
- Rakettar 9M55 eller 9M528;
- BM 9A52-2 avfyringsrampe;
- TZM 9T234-2 omladingskjøretøy med ei 850 kg kran og 12 ekstra rakettar;
- Automatisert eldkontroll med kommandoplass av typen 1K123 "Vivary";
- Vedlikehaldskøyretøy PM-2-70 MTO-V;
- Arsenalutstyr 9F819;
- Øvingsutstyr 9F827 og 9F840.
Skotvidda er 70 og 90 km med ulike stridshovud utvikla for Smerch rakettkastar.
Køyretøyet 9A52-2 med automatisert eldkontroll har desse fordelane:
- levering av artillerield frå eit stillingsområde langt frå målområdet;
- auke i overlevelsesevne på grunn av redusert tid i stillingsområdet;
- auka komfort for operatør, spesielt i dårleg vêr og om natta;
- auka sjølvstendig drift på grunn av navigasjon og måleutstyr, noko som gjer systemet høve til å raskt endra stillingar og flytta sjølvstendig;
- reduksjon av mannskap i høve til andre rakettkastarsystem.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ MLRS Smerch
- ↑ ««Сплав» создал беспилотник, зашитый в ракету РСЗО «Смерч»». ТАСС (på russisk). Henta 2. mars 2017.
- ↑ «Зашитый в ракету РСЗО «Смерч» беспилотник создан в РФ». Телеканал «Звезда». 28. februar 2017. Henta 2. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «9A52 Smerch» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2017.