Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Åverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åverk (gammalnorsk áverki) er eit omgrep som har to tydingar.

Åverk er eit eldre omgrep for ei ulovleg gjerning, særleg om ulovleg bruk av jorda til ein annan person eller skade på eigedom hans. Straffa for slike gjerningar var bøter kalla åverksbot eller skadebot.

Åverk er òg eit omgrep nytta om arbeidet som er nedlagt i ein gjenstand, og særleg om jordbruksarbeid, som i det arbeidet som er lagt ned i ein åkerlapp.

  • Norsk historisk leksikon 2. utgåve, 3. opplag (2004) - Cappelen.