Ørsted
Ørsted (symbol Oe) er ei gammal eining for magnetfelt (òg kjend som magnetfeltstyrke eller intensitet) i CGS-systemet for einingar. Han er definert som 1000/4π (≈79.5774715) ampere per meter fluksbane i SI-systemet.[1][2][3][4][5] Ørsted er nært knytt til eininga gauss, CGS-eininga for magnetisk induksjon eller magnetfelt. I vakuum er 1 G = 1 Oe, medan forholdet i eit medium med permeabilitet vert G = Oe. Ein ørsted er òg lik ei magnetomotorisk kraft (mmf) på 1 gilbert per centimeter fluksbane.
Eininga vart oppretta av IEC i 1930[6] til ære for Hans Christian Ørsted, som oppdaga elektromagnetismen i 1820. Frå Standard Handbook of Electrical Engineers; «Han er ein magnetisk storleiksvektor til eit punkt i eit magnetfelt som måler emna elektriske straumar eller magnetiske lekamar har til å produsere magnetisk induksjon i eit visst punkt»
- I SI-systemet er 1 gilbert = 10/4π ampereviklingar = om lag 0,7958 amperevikling.
- Den lagra energien i ein magnet, kalla magnetyteemne, eller «magnetisk energiprodukt», er typisk målt i eininga megagauss-ørsted (MGOe). Eininga MGOe er lik megajoule per kubikkmeter.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oersted» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Magnetic Conversion Factors
- ↑ EMF Fundamentals, arkivert frå originalen 7. april 2008, henta 9. februar 2009
- ↑ oersted@Everything2.com
- ↑ Derived CGS Units with Special Names
- ↑ Homework please help!? - Yahoo! Answers
- ↑ http://www.iec.ch/about/history/ Arkivert 2019-05-21 ved Wayback Machine. IEC history