Øystein Elgarøy
Utsjånad
Øystein Elgarøy | |||
Fødd | 13. juni 1929 Moss kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 8. september 1998 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | astronom, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Øystein Elgarøy |
Øystein Elgarøy (1929–1998) var ein norsk astronom. Han var bror av Jan Elgarøy.
Elgarøy var dosent i astrofysikk ved Universitetet i Oslo i 1968, og vart professor frå 1983. Sonen Øystein Elgarøy (fødd 1972) er professor på same institutt frå 2005.
Dei viktigaste arbeidsområda hans var solar radioastronomi og solliknande stjerner. Innan desse områda publiserte han fleire avhandlingar og boka Solar Noise Storms (Oxford, 1977). Han gav ut saman med Ø. Hauge lærebøker i astronomi: Det forunderlige univers (1983) og Fra strålende objekter til sorte hull (2 bind, 1989).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Øystein Elgarøy (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.