Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Administrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Administrasjon (av latin administratio) er det å forvalta, leia eller styra ein organisasjon.[1] Ordet blir òg brukt om staden (bygningen) der administreringa føregår, og om sjølve organisasjonen som administrerer, som i statsadministrasjonen. I folkeleg daglegtale kan dette dermed visa både til regjeringsbygga og byråkratiet som held til der.

Administrasjonen arbeider både med hovudmålet til organisasjonen og med dei naudsynte støttefunksjonane som til saman må til for å styra og vedlikehalda drifta. Der er funksjonar som logistikk, innkjøp, betalingsformidling, personaladministrasjon, løn, kontrollar, rutinar med meir.

Funksjonen administrasjon er naudsynt for einkvar organisasjon, men kan dekkjast av ein eller fleire personar, avhengig av storleiken på verksemda. Administrasjon er eit eige fag eller delfag ved dei fleste utdanningstilbod som er retta mot det offentlege eller næringslivet. Faget er gjerne kombinert med økonomi og rekneskap i fagområdet økonomi og administrasjon.

I offentlege organisasjonar gjev forvaltningsrett lovreglar for korleis administrasjonen skal arbeida. Forvaltningsrett tilhøyrer den delen av jussen som tek for seg offentleg rett.

IT-administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Innan informasjonsteknologi er administrasjon – eller vanlegare systemadministrasjon – eit omgrep som blir nytta om rutinemessige driftsoppgåver som oppretting av brukarkontoar, å sørgja at for serverar fungerer og liknande.