Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Alvhem

Koordinatar: 58°0′18.922″N 12°9′24.948″E / 58.00525611°N 12.15693000°E / 58.00525611; 12.15693000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°0′18.922″N 12°9′24.948″E / 58.00525611°N 12.15693000°E / 58.00525611; 12.15693000

Alvhem
tettstad
Land  Sverige
Areal 87 km²
Folketal 369 (31. desember 2020)
Kart
Alvhem
58°00′04″N 12°10′09″E / 58.001146742209°N 12.169059824679°E / 58.001146742209; 12.169059824679
Wikimedia Commons: Alvhem

Alvhem er ein svensk tettstad i Ale kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 232 innbyggjarar.

Tettstaden ligg ved E45 og Bergslagsbanan (no Noreg/Vänerbanan), aust for Göta älv, snaut 4 mil nordaust for Göteborg.

Frå Alvhem går Lödöse-Lilla Edets Järnväg, der persontrafikken tok slutt i 1953. Jernbanestasjonen blei opna i 1906 og blei nedlagd i 1970.

Alvhems kongsgard

[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbyen er kalla opp etter Alvhems kongsgard, omtalt alt i 1528 (Alffuem kongsgardt), då Tuve Birgersson Lilliehöök fekk han i forlening. Gardsnamnet Alweim er derimot av eldre dato, omtalt 1377, då Noregs konge Håkon VI Magnusson (13401380) forlente eiendommen til ein undersått.

Kongsgarden var frå 1681 residens for Henrik von Vicken (16241690), landshøvding i Älvsborgs län. Då den tidlegare residensby Borås blei øydelagd i bybrannen i 1681, avgjorde ein at ny residensby skulle bli Vänersborg. Residensen der stod ikkje klar før etter von Vicken var død.