Ameland
Ameland | |
---|---|
Satellittbilete av Ameland | |
Plassering | |
Styresmakter | |
Land Provinsar |
Nederland Friesland |
Geografi | |
Flatevidd - By - Land - Vatn |
268,50 km² 60,02 km² 208,48 km² |
InnbyggjararStatline - Totalt (2007) - folketettleik |
3 452 58/km² |
Koordinatar | 53°26′N 5°44′E / 53.433°N 5.733°E |
Diverse annan informasjon | |
Nettstad: www.ameland.org |
Ameland (vestfrisisk It Amelân) er ein kommune og ei øy i Dei vestfrisiske øyane utanfor kysten av Nederland. Ho består stort sett av sanddyner. Det går ferje frå Holwerd på fastlandet til øya.
Landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya vart først nemnd som Ambla på 700-talet og betalte skatt til grevskapet Holland fram til 1424 då Ritske Jelmera erklærte øya for eit friherskap (vrijheerschap).
Sjølv om Holland, Friesland og Det tysk-romerske riket slost mot dette sjølvstendet, vart ho verande eit friherskap fram til familien Cammingha døydde ut i 1708. Etter dette vart den frisiske statthaldaren Johan Willem Friso av Orange-Nassau herre over Ameland og etter han sonen hans, som var statthaldar for heile Nederland, Vilhelm IV av Orange, og barnebarnet Vilhelm V av Orange.
Berre i grunnlova frå 1813 vart øya endeleg ein del av Nederland (provinsen Friesland). Dei nederlandske kongane og dronningane har framleis tittelen Vrijheer van Ameland i dag.
I 1940 vart øya okkupert av Tyskland og sidan ho var av liten militær verdi invaderte dei allierte aldri øya. Dei tyske styrkane vart derfor verande på øya fram til 2. juni 1945, nesten ein månad etter Nazi-Tyskland kapitulerte.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Ameland er den einaste av dei frisiske øyane som det ikkje blir tala frisisk på i dag. Grunnen kan vera at det har vore stort nederlandsk nærvær på øya gjennom tidene.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Ameland er som dei andre frisiske øyane eit populært turistmål. Turistane er hovudsakleg frå andre delar av Nederland og frå Tyskland.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ameland» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.