Andørja
Andørja Lokalt namn Áttir | |
---|---|
Flyfoto av Andørja Foto: Erlend Bjørtvedt (2013) | |
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°53′N 17°20′E / 68.883°N 17.333°E
|
Areal | 136 km²
|
Høgaste punkt | Langlitinden (1277 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke: Kommune: |
Troms Ibestad
|
Andørja (nordsamisk Áttir) er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer i Ibestad kommune i Troms. Øya er Nord-Europas fjellrikaste øy.[1] Øya er også karakteristisk på grunn av ein 8 km lang fjord, Straumbotn, som omtrent deler ho i to. Det høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 m.o.h. Andørja var tidlegare ein eigen kommune.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Øya har fastlandssamband til Salangen kommune over Mjøsundet via Mjøsundbrua, Ibestadtunnelen går mellom Andørja og Rolla.
Kommunesoge
[endre | endre wikiteksten]Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.[2]
1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330.[2] I dag bur det om lag 650 menneske på øya.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Andørja kommune frå 1930 til 1964:
1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1964[2] |
---|---|---|---|---|
1420 | 1465 | 1393 | 1330 | 1330 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ http://www.ibestad.kommune.no/nord-europas-mest-fjellrike-oey-andoerja.5081718-264368.html
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Andørja 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå