Andakt
Andakt er ei enkel form for gudsteneste som kristne, enkeltvis eller i gruppe, er oppfordra til å halde dagleg.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet andakt kan brukast i norsk i hankjønn eller hokjønn (ein eller ei). Det har komme frå tysk andenken (tenkje på) via dansk til norsk. Ordet andakt kan brukast i to tydinger: Om ei enkel gudsteneste eller bønestund som omtalt her, eller om ei stemning av alvor og høgtid.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Ein typisk andakt inneheld bønn, bibellesing og meditasjon. Andakt er ei kjelde til ro og ein moglegheit til å ta ein pause.
Andakt i media
[endre | endre wikiteksten]«Andakten» er eit radioprogram i NRK som har ein særs stabil lytterskare. I 2001 hadde programmet dagleg 430.000 lyttarar. Norea Radio sender andaktsserien Over en åpen Bibel til ei rekke lokalradioar, som sender daglege andaktar fem dagar i veka.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]For enkle andaktar finst ein særskilt litterær genre av sokalla andaktsbøker.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]Nokre kjende norske forfattarar av andaktsbøker er Fredrik Wisløff, Hans Edvard Wisløff, Ludvig Hope, Ole Hallesby og O. Dahl Goli
Sverige
[endre | endre wikiteksten]Nokre kjende svenske forfattarar av andaktsbøker er Torgny Wirén, Carl Olof Rosenius, Magnus Malm, Wilfrid Stinissen og Aurore Tisell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- NRKs årsmelding for 2001