Anders Larsen
Anders Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. desember 1870, 1870 Seglvik |
Død |
10. desember 1949, 1949 (79 år) |
Yrke | skribent, journalist |
Anders Larsen (fødd 2. desember 1870 i Kvænangen død 10. desember 1949 i Sørvikmark i Sandtorg, daud 10. desember 1949 i Sandtorg) var ein samisk lærar, journalist og forfattar.
Foreldra til Larsen var Lasse Mons Lassesen (f. 1826) og Elen Mathisdatter (f. 1836), og dei var sjøsamar. Anders Larsen var gift med Petra Rebekka (f. Hansen 20.01.1877 i Trondenes).[1] Han fekk lærarutdanning ved Tromsø Seminarium (seinare Tromsø lærarhøgskole) 1897-1899. Det var uvanleg at ein ungdom med hans bakgrunn kunne begynne på ei slik utdanning, men han fekk ein av friplassane som den gongen var for samisktalande elevar med dårleg økonomi.
Anders Larsen var kritisk til fornorskingsprosessen, og meinte skolebarna verken lærte norsk, samisk eller kvensk. «Jeg blev aandelig underærnært. Jeg tog skade paa min sjel,» skreiv han i vaksen alder då han såg tilbake på skoletida. Saman med to av brørne sine, Lars og Mathis, stifta han ein samepolitisk organisasjon i Segelvik, med formål å starte eit samisk blad. Anders skulle vere redaktør.[2]
Dermed blei Anders Larsen redaktør for den samiskspråkelege avisa Sagai Muittalægje som kom ut i tida 1904-1911, der han mellom anna kjempa for at Isak Saba skulle komme inn på Stortinget. Anders Larsen og Isak Saba hadde blitt kjent med kvarandre på lærarskolen. For dei to var det to viktige målsetjingar med avisa; dei skulle kjempe for sosialismen og for samane si sak. Avisa skulle vere eit organ for debatt, kultur og nyheiter. 1. april 1906 stod diktet «Sámi soga lávlla» av Isak Saba på framsida. I dag er det samefolkets nasjonalsang.[3]
Avisa trykka også ein skjønnlitterær føljetong, som Anders Larsen i 1912 gav ut på Grøndahl forlag for eiga rekning. Det blei romanen Bæivve-Alggo (Dag-gry), som fortel kjærleikshistoria mellom Abo Eira og Maria Evje. Dette er den første samiskspråklege romanen, og ei av svært få samiske bøker før 1940.
Like før han dødyde i 1949 sendte Larsen eit manuskript som skildrar sjøsamanes kultur til språkmannen Just Qvigstad. Han hadde vore Anders Larsens lærar på seminariet i Tromsø. Manuskriptet var på norsk og blei utgitt posthumt av Qvigstad i 1950 med tittelen Om sjøsamene. Først i 1979 kom boka i samisk omsetjing, Mearrasámiid birra.[4]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Bæivve-Alggo – roman (1912)
- Om sjøsamene – (1950). Omsetjing til nordsamisk: Mearrasámiid birra – (1979)
- Sátnedáidu – divttat ja muitalusat – (1982)- antologi der også Pedar Jalvis Muohttacálmmit og Anders Larsens Beaiveálgu er med, omskrive til ny rettskriving)
- Beaiveálgo - jietnateáhter – høyrespelutgåve av romanen (2010][5]
- Fornorskningen i de nuværende skoler i Finmarken / Finmarko skuvlai daroduttem birra Samisk skolehistorie 4 2010.
- Dagen gryr – Omsetjing av utdrag av Bæivve-Alggo. Samisk skolehistorie 2010
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljingane i 1865, 1875 og 1910 på www.arkivverket.no/digitalarkivet, skanna kyrkjebok for Skjervøy
- ↑ Ivar Bjørklund 1985: Fjordfolket i Kvænangen. Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550-1980
- ↑ John Gustavsen (2012). «Hvem var Anders Larsen?».
- ↑ Larsen, Anders (1950), Om sjøsamene, Tromsø museums årshefter (trykt utg.) 13, sett om av Qvigstad, Just, Tromsø museum, henta 22. august 2019
- ↑ Anders Larsen: Beaiveálgu – jietnateáhter Arkivert 2021-07-29 ved Wayback Machine. Samisk biblioteksteneste