Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Andorra la Vella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andorra la Vella
hovudstad
Flagg
Symbol
Land  Andorra
Del av Andorra
Høgd 1 023 m
Areal 30 km²
Folketal 24 042 (2023)[1]
Kart
Andorra la Vella
42°30′N 1°30′E / 42.5°N 1.5°E / 42.5; 1.5
Plassering i Andorra
Plassering i Andorra
Plassering i Andorra
Wikimedia Commons: Andorra la Vella

Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania. Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen.

Hovudnæringa i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.

I Andorra la Vella bur forlk frå fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorranarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Andorra la Vella