Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Andromeda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andromeda

Andromeda blir frigjort. Bilde på ein vase frå 300-talet f.Kr.
Opptrer iMetamorfoser
MorKassiopeia
FarKefevs
EktefellePersevs
SambuarPhineus
BarnGorgophone, Perses, Elektryon, Heleus, Sthenelus, Mestor, Autochthe, Cynurus, Alcaeus


Andromeda var i gresk mytologi ein figur som var lenkja til ei klippe for å etast av eit sjømonster. Ho blei redda av Persevs som ho seinare gifta seg med.

Andromeda, Kefevs og sjømonsteret (ketos) avbilda på ein korintisk vase.
Andromeda blir lenkja til klippa av nereidane (1840). Måleri av Chasseriau Theodore.

Andromeda var dotter av Kefevs og Kassiopeia, konge og dronning av det fønikiske kongedømet Etiopia. Kassiopeia hadde skrytt av å vera like vakker som nereidane, og fekk hemnen til Poseidon over seg. Sjøguden sende ein flaum og eit sjømonster som drap både menneske og dyr. Orakelet i Ammon sa at det ikkje ville finnast hjelp før kongen utsette dottera si Andromeda for monsteret, og difor blei ho lenkja til ei klippe ved kysten.

Då Persevs kom tilbake etter å ha drepe gorgona Medusa fann han Andromeda. Persevs drap monstret, sette henne fri og gifta seg med henne, sjølv om ho var lova til Finevs. I bryllaupet fann det stad ein krangel mellom rivalane, og Finevs blei gjort om til ein stein då han fekk sjå hovudet til gorgona.

Andromeda følgde mannen sin til Tiryns i Argos. Persevs og Andromeda hadde seks søner (perseidane, som har gjeve namn til meteorittsvermen Perseidane): Perses, Alkaios, Helevs, Mestor, Sthenelos og Elektryon. Dei hadde òg dottera Gorgofone. Etterkomarane deira herska over Mykene frå Elektryon til Evrystevs. Etter sistnemnde fekk Atrevs kongedømmet. Ifølgje denne mytologien er Persevs stamfar til persarane.

Etter at Andromeda døydde blei ho plassert blant stjernebileta i den nordlege stjernehimmelen av Atene, nær Persevs og Kassiopeia. Dette er kjend som stjernebiletet Andromeda. Dei antikke dramatikarane Sofokles og Evripides (og i nyare tider Pierre Corneille) gjorde forteljinga til emnet i tragediar. Forteljinga er òg visualisert i talrike antikke og seinare kunstverk.

Andromeda er den latiniserte forma av det greske Ανδρομέδη (Andromedē). Tydinga av namnet er «å tenkja på ein mann» frå ανδρας (andros) «av mann», sett saman med μηδομαι (mēdomai), «å tenkja, å opptakast av» .[1]

Andromeda har gjeve namn til stjernebiletet Andromeda, Andromedagalaksen, meteorsvermen Andromedidane og fjellet Mount Andromeda på Sør-Sandwichøyane.

  1. behindthename.com

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Pseudo-Apollodorus: Bibliotheke II, iv, s. 3-5
  • Ovid: Metamorfoses IV, s. 668-764.
  • Edith Hamilton: Mythology, del tre, s. 204-207