Anne-Lise Bakken
Utsjånad
Anne-Lise Bakken | |||
| |||
Fødd | 30. mars 1952 (72 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Anne-Lise Bakken (fødd 30. mars 1952 i Oslo) er ein norsk politikar for Ap. I perioden 1977 til 1989 representerte Bakken Hedmark på Stortinget, med unntak av ein periode frå 1986 til 1988 då ho var statsråd i Gro Harlem Brundtland si andre regjering. Ho måtte gå som statsråd etter å ha freista å skulda på embetsverket fordi ho hadde gjeve Stortinget ufullstendig informasjon i ei sak. Generelt vert dette rekna for ei politisk synd, sjølv om det skulle vera sant, sidan statsråden er ansvarleg ovafor Stortinget.
I perioden 1977-1981 var Bakken òg nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking. Ho var Hamar arbeidarpartis ordførarkandidat ved kommune- og fylkestingvalet i 2007.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]- 9. mai 1986 –13. juni 1988 - Statsråd Forbrukar- og administrasjonsdepartementet
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1985 – 1989 medlem i Finanskomitéen
- 1985 – 1989 leier i Kontrollkomitéen
- 1985 – 1989 nestleiar i Forbrukar- og administrasjonskomitéen
- 1985 – 1989 varamedlem i Valkomitéen
- 1981 – 1985 medlem i Sosialkomitéen
- 1981 – 1985 medlem i Kontrollkomitéen
- 1977 – 1981 medlem i Justiskomitéen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anne-Lise Bakken» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1952
- Norske familie- og forbrukarministrar
- Ap-statsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Brundtland II
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar for Hedmark
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Ap-politikarar i Hedmark
- Lokalpolitikarar i Hamar
- Folk frå Hamar