Arabesk
Utsjånad
Arabesk eller mauresk er eit mønster av stiliserte bladranker. Det oppstod i hellenistisk kunst og blei òg brukt i romersk og bysantinsk kunst. På grunn av biletforbodet i islam blei mønsteret populært og blei vidareutvikla i arabisk kunst. I muslimsk kunst er motivet særleg brukt i ornamentikk som element i dekor av veggene i moskear. Inspirert av arabisk kunst blei motivet populært i vestleg kunst frå tidleg renessanse.
Namnet kjem av det italienske ordet arabesco («arabisk») og viser eigentleg til den vestlege bruken av motivet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arabesk» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2022.