Arequipa
Utsjånad
Ariqipa | |||||
---|---|---|---|---|---|
Arequipa med vulkanen Misti i bakgrunnen. | |||||
| |||||
Kallenamn «La Ciudad Blanca ('Den kvite byen')» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Peru Arequipa | ||||
Grunnlagd | 15. august 1540 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 650 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2009) |
904931 | ||||
Koordinatar | 16°25′S 71°32′W / 16.417°S 71.533°W | ||||
Høgd over havet | 2380 m | ||||
Tidssone | UTC-05:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Nettstad: www.muniarequipa.gob.pe |
Arequipa er ein by som ligg sør i Peru, nær grensa til Chile. Med eit folketal på 1,008,290 (2017) er han den nest største byen i landet, etter Lima. Han er hovudstad i Arequipa-regionen og Arequipa-provinsen. Arequipa ligg i Andes i ei høgd på 2 380 moh., ved foten av vulkanen Misti. Det historiske bysentrumet i Arequipa blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i november 2000.
Byen blei gunnlagd den 15. august 1540. Namnet «Arequipa» kjem frå quechua der Ariq tyder vulkan og qipa tyder 'bak'. Arequipa er også kjend som «Den kvite byen» på grunn av det lokale byggjematerialet, ein kvitleg vulkansk bergart kalla sillar.
Kjende folk frå Arequipa
[endre | endre wikiteksten]- Mario Vargas Llosa, forfattar og nobelprisvinnar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arequipa» frå Wikipedia på engelsk, og «Arequipa» frå Wikipedia på svensk den 12. oktober 2010.