Arild Mathisen
Arild Mathisen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mars 1942 (82 år) Drammen kommune |
Idrett | fotball |
Arild Mathisen (fødd 14. mars 1942) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Drammen. Han spelte 29 landskampar for Noreg i tida 1965 til 1971, alle som sideback.
Mathisen spelte i yngre år på midtbana til Åssiden IL. I 1962 var han i militærteneste i Nord-Noreg, han spelte då for Harstad IL og var med på å verte nordnorsk cupemeister, mellom andre saman med Trygve Bornø. Frå 1965 til 1968 var han sideback i Vålerengen, som i hans fyrste sesong vart seriemeister for aller fyrste gong. Etter eit par mangre år i Vålerengen, melde han våren 1969 seg til teneste for Strømsgodset IF i heimbyen. Her fekk han oppleve stor suksess allereie i 1969, med cuptriumf på Ullevaal stadion, og endå meir i 1970, då laget sigra i både serien og cupen. Etter fire sesongar i Strømsgodset, avslutta med ein sesong. 1973-sesongen, Mjøndalen.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1965 med Vålerengens IF
- Norsk meister: 1969 og 1970 med Strømsgodset IF
- Seriemeister: 1970 med Strømsgodset IF
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arild Mathisen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2015.