Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Arp 302

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 302. VV 340A (venstre) blir sett på frå kanten medan VV 340B (høgre) blir sett ovanifrå.

Arp 302, UGC 9618 eller VV 340 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Bjørnepassaren. Båe galaksane er særs gassrike og dei er i ein tidleg fase av samansmeltingsprossesen. Enorme mengder infraraud stråling blir sendt ut frå gassen til massive stjerner som blir danna i same tempo som i dei mest kraftige områda som dannar kjempestjerner i Mjølkevegen.