Art Garfunkel
Art Garfunkel | |||
| |||
Fødd | 5. november 1941 (82 år) New York City i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Forest Hills | ||
Fødenamn | Arthur Ira Garfunkel | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1956 til i dag | ||
Sjanger | Folkrock, softrock, rock, pop | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano | ||
Stemmetype | Tenor, kontratenor, baryton | ||
Tilknytte artistar | Simon & Garfunkel | ||
Plateselskap | Columbia Records Atco Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, skodespelar, diktar | ||
Gift med | Kim Garfunkel | ||
Born | Art Garfunkel Jr. | ||
Prisar | John Jay Award |
Arthur Ira «Art» Garfunkel (fødd 5. november 1941) er ein amerikansk songar, diktar og skodespelar, best kjend som eine halvdelen i viseduoen Simon & Garfunkel. Han er særleg kjend for førstestemma på hitsingelen «Bridge Over Troubled Water». I gjennom solokarrieren sin har han i USA hatt ein hit på Topp 10, tre på Topp 20 og seks på Topp 30. I tillegg har han hatt to førsteplassar i Storbritannia.
Gjennom solokarriera og i lag med Paul Simon har han fått fem Grammy-prisar, mellom anna Lifetime Achievement Award.[1] I 1994 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Etter Simon & Garfunkel prøvde Garfunkel seg først med ei filmkarriere tidleg på 1970-talet med roller to av filmane til Mike Nichols, Catch-22 (1970) og Kjødets lyst (Carnal Knowledge, 1971). Han la så ut på ei musikalsk solokarriere, men han skreiv få songar sjølv, og trass i den spesielle stemma hans og enkelte heldige augneblink, selde han skuffande. I 1981 vart han gjenforeint med Paul Simon for ein konsert i Central Park i New York og konsertalbumet The Concert in Central Park og så ein verdsturne. Dei gjekk igjen kvar sine vegar resten av 80-talet før dei har spelt sporadisk i lag utover 90-åra og 2000-talet.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Angel Clare (1973)
- Breakaway (1975)
- Watermark (1977)
- Fate for Breakfast (1979)
- Scissors Cut (1981)
- The Art Garfunkel Album (samleplate) (1984)
- The Animals Christmas Album (saman med Amy Grant) (1986)
- Lefty (1988)
- Garfunkel (1989) (samleplate)
- Up 'til Now (1993)
- Across America (live) (1997)
- Songs from a Parent to a Child (1997)
- Everything Waits to Be Noticed (2002)
- Some Enchanted Evening (2007)
Filmer
[endre | endre wikiteksten]- Catch-22 (1970)
- Carnal Knowledge (1971)
- Bad Timing (1980)
- Good to Go (aka. Short Fuse) (1986)
- Boxing Helena (1993)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Art Garfunkel» frå Wikipedia på engelsk, og «Art Garfunkel» frå Wikipedia på bokmål den 4. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 4. november 2010.