Assia Djebar
Assia Djebar | |
Verkeleg namn | arabisk آسيا جبار |
Pseudonym | Assia Djebar |
Statsborgarskap | Frankrike, Algerie |
Fødd | 30. juni 1936 Cherchell |
Død |
6. februar 2015 (78 år) |
Yrke | lingvist, filmregissør, professor, omsetjar, skribent, historikar |
Språk | fransk |
Politisk parti | Workers' Party |
Medlem av | Académie française, Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique |
Ektefelle | Malek Alloula |
Assia Djebar på Commons |
Assia Djebar (30. juni 1936–6. februar 2015) var ein algerisk forfattar som skreiv på fransk. Ho skreiv romanar, noveller, poesi, essayar og skodespel, og regisserte også fleire filmar.
Assia Djebar vart fødd med namnet Fatima-Zohra Imalayène. Pennenamnet som ho valde seg tyder 'trøyst/tilfreds' (Assia) og 'sta' (Djebar, ei av nemningane til Profeten Mohammed)[1]. Bøkene hennar handlar om feminisme, historie og om språklege og valdelege brytningar i Algerie. Assia Djebar vart rekna som ein av dei viktigaste og mest innflytelsesrike forfattarane frå Magreb. I 2005 vart ho den fyrste franskspråklege arabiske forfattaren til å bli innvald i Académie française.
- «J’écris, comme tant d’autres femmes écrivains algériennes avec un sentiment d’urgence, contre la régression et la misogynie. » — Assia Djebar.
- «Eg skriv, som mange andre algerske kvinnelege forfattarar, med ein følelse av hastverk, mot tilbakeskritt og kvinnehat.» — Assia Djebar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Assia Djebar vart fødd inn i ein tradisjonell velståande algerisk familie i Cherchell, ein liten kystby ikkje langt frå Alger[2]. Far hennar, Tahar Imalhayène, var ein småskulelærar frå Gouraya, som hadde gått på muslimsk lærarskule i Bouzaréah. Mor hennar, Bahia Sahraoui, kom frå ein imazighisk familie i Berkani, som høyrde til ait Menasser-ætta frå Dahra. Då Assia Djebar voks opp var Algerie framleis under fransk okkupasjon, og ho var elev ved ein privat fransk kolonialskule i Mouzaïaville (Mitidja). 10 år gammal vart ho elev ved Collège de Blida, der ho lærte klassisk gresk, latin og engelsk. Då ho gjekk ut frå gymnaset i 1953, tok ho til med førebuande litieraturstudiar (Hypokhâgne) i Alger.
I 1954 tok ho til med førebuande litteraturstudiar (khâgne) i Paris. Året etter kom ho inn ved l'École normale supérieure de jeunes filles de Sèvres (Universitetet for unge kvinner i Sèvres), der ho studerte historie. Som ein protest mot Frankrike si framferd under den algeriske frigjeringskrigen nekta ho å ta eksamen i 1956, saman med fleire andre algeriske studentar. I 1957 gav ho ut den fyrste romanen sin, La Soif (Tørsten). Året etter slutta ho ved universitetet og forlét deretter Frankrike.
I 1956 flytta ho til Rabat i Marokko, der ho studerte og underviste moderne Maghrebisk historie, ved det litterære fakultetet. Den 1. juli 1959 returnerte ho til Algerie, der ho fram til 1965 underviste i historie og filosofi på arabisk ved Universitetet i Alger. I tidsrommet 1966 til 1975 budde ho for det meste i Paris, men var ofte på vitjing i Algerie. Ho gifta seg med forfattaren Walid Carn, med pennenamnet d'Ould-Rouis Ahhmed, og skreiv Rouge l'aube (Morgonrauden) saman med han. Seinare gifta ho seg på nytt med poeten Malek Alloula.
Frå 1995 til 2001 var ho direktør ved Senter for fransk og frankofoni ved Louisiana i USA. I 1999 vart ho vald til Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique (Det kongelege akademiet for fransk og frankofoni i Belgia).
Frå 2001 og framover underviste ho ved avdeling for fransk ved Universitetet i New York. Den 16. juni 2005 vart ho vald til medlem av Académie française, som etterfylgjar til Georges Vedel. Ho vart innsett den 22. juni 2006. Bøkene til Assia Djebar er omsett til 21 språk.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- 1979 - Prix de la Critique internationale på Biennale de Venise, for La Nouba des Femmes du Mont Chenoua (langfilm).
- 1989 - Frankfurt literaturpris.
- 1995 - Maurice Maeterlinck-prisen (Brussel).
- 1996 - Den internasjonale litterære Neustadt-prisen, (USA).
- 1997 - Prix Marguerite Yourcenar (Boston).
- 199? - Den internasjonale Palmi-prisen (Italia).
- 1999 - Études françaises-prisen (Kanada).
- 2000 - Den tyske bokhandlar- og forleggarfredsprisen (Frankfurt).
- 2005 - Æresdoktor av Universität Osnabrück.
- 2005 - Den internasjonale Pablo Neruda-prisen (Italia).
- 2006 - Den internasjonale Grinzane Cavour-literaturprisen (Torino).
Hovudverk
[endre | endre wikiteksten]- La Soif (Tørsten), roman (1957)
- Les Impatients (Dei utålmodige), roman (1958)
- Les Enfants du Nouveau Monde (Barn av den nye verda), roman (1962)
- Les Alouettes naïves (Dei truskyldige lerkene), roman (1967)
- Poèmes pour l'Algérie heureuse (Dikt til eit lykkeleg Algerie), poesi (1969)
- Rouge l'aube (Mongonrauden), skodespel (1969)
- Femmes d'Alger dans leur appartement (Algerske kvinner i heimane sine), noveller (1980)
- L'Amour, la fantasia (Kjærleiken, fantasien), roman (1985)
- Ombre sultane (I skuggen av sultanen), roman (1987)
- Loin de Médine (Langt borte frå Médine), roman (1991)
- Vaste est la prison (Ovstort er fengselet), roman (1995)
- Le Blanc de l'Algérie (Dei kvite algerierane), forteljing (1996)
- Ces voix qui m'assiègent: En marge de ma francophonie (Desse stemmene som gjerder meg inne: i utkanten av frankofonien min), essay (1999)
- La Femme sans sépulture (Kvinna utan gravstein), roman (2002)
- La Disparition de la langue française (Forsvinninga av det franske språket), roman (2003)
- Nulle part dans la maison de mon père (Ingen stad i huset til far min), roman (2007)
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- La Nouba des femmes du Mont Chenoua (Songen til kvinnene i Chenouafjellet) (1978)
- La Zerda ou les chants de l'oubli (Zerda eller songar frå gløymselen) (1982)
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Calle-Gruber, Mireille, Refaire les contes dans la langue adverse. Assia Djebar, Oran, langue morte, Ruhe, Ernstpeter: Assia Djebar. Studien zur Literatur und Geschichte des Maghreb. Bind 5. Würzburg: Königshausen & Neumann, 2001, s. 157-167.
- Calle-Gruber, Mireille, Assia Djebar, ou la résistance de l'écriture: regards d'un ecrivain d'Algérie, Maisonneuve & Larose, 2001.
- Calle-Gruber, Mireille, Assia Djebar, 2006.
- Beïda Cheiki, Les romans d'Assia Djebar, 1990.
- Clerc, Jeanne-Marie, Assia Djebar : écrire, transgresser, résister, Paris/Montréal, L’Harmattan, 1997.
- Déjeux, Jean, Assia Djebar: romancière algérienne, cinéaste arabe, Sherbrooke Univ. Press, 1980.
- Grandguillaume, Gilbert, La relation Père-Fils dans l’Amour la Fantasia d’Assia Djebbar (sic !) et Bandarshah Tayeb Salah, Littératures maghrébines, colloque Jacqueline Arnaud, Paris XIII. Paris: L’Harmattan, 1990, Vol. 10, T. 1, ss 167-173. URL: http://grandguillaume.free.fr/ar_fr/bandarshah.html Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine..
- Geyss, Roswitha, Bilinguisme littéraire et double identité dans la littérature maghrébine de langue française: le cas d'Assia Djebar et de Leila Sebbar, Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 2006.
- Hornung, Alfred, Ernstpeter Ruhe, Postcolonialisme et autobiographie, Albert Memmi, Assia Djebar, Daniel Maximim. Amsterdam – Atlanta : Studies in comperative literature 20, Serieredaktørar C.C. Barfoot and Theo d’Haen.
- Kirsch, Fritz Peter, Quelques réflexions sur l’Histoire dans les œuvres narratives d’Assia Djebar, Chroniques allemandes no 8-2000: Assia Djebar en pays de langue allemande. Centre d’études et de recherches allemandes et autrichiennes contemporaines (CERAAC) de l’Université Stendhal-Grenoble III, 91-103.
- Okresek, Christine, Re-dire l’Histoire. Travail fictionnel et recherches historiques dans trois romans d’Assia Djebar (L’Amour, la fantasia – Vaste est la prison – Le Blanc de l’Algérie), Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 1997.
- Rezzoug, Simone, Emergence d’une parole féminine dans l’histoire: le dernier roman d’Assia Djebar, Présence de femmes, Itinéraires d’apprentissage. Alger: Hiwer, 1987, s. 106-110.
- Ringrose, Priscilla, Sistre and the Semiotic: Reinscribing Desire into Language, Ruhe, Ernstpeter: Assia Djebar, Studien zur Literatur und Geschichte des Maghreb, Band 5, Würzburg, Königshausen & Neumann, 2001, s. 91-105.
- Ruhe, Ernstpeter, Fantasia en Alsace. Les Nuits de Strasbourg d’Assia Djebar, Chroniques allemandes nr 8, 2000 : Assia Djebar en pays de langue allemande. Centre d’études et de recherches allemandes et autrichiennes contemporaines (CERAAC) de l’Université Stendhal-Grenoble III, s. 105-121.
- Rocca, Anna, Assia Djebar: le corps invisible, voir sans être vue, L'Harmattan, 2005.
- Thiel, Veronika, Assia Djebar: la polyphonie comme principe générateur de ses textes, Diplomarbeit zur Erlangung des Magistergrades für Philosophie, Universität Wien, 2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ On Assia Djebar
- ↑ Déjeux, Jean, Assia Djebar, écrivain algérien cinéaste arabe, Sherbrooke University Press, 1980.
- Denne artikkelen bygger på «Assia Djebar» frå Wikipedia på fransk, den 21. desember 2008.