Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ath

Koordinatar: 50°37′0″N 03°46′0″E / 50.61667°N 3.76667°E / 50.61667; 3.76667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ath
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Ath Byvåpenet til Ath
Flagget til Ath Byvåpenet til Ath


Plassering
Ath is located in
Styresmakter
Land  Belgia
Regionar i Belgia Vallonia
Provins Hainaut
Borgarmeister Jean-Pierre Denis
Geografi
Flatevidd
 - By

126,95 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

28 026
  220,8 /km²
Koordinatar 50°37′0″N 03°46′0″E / 50.61667°N 3.76667°E / 50.61667; 3.76667
Diverse annan informasjon
Postnummer 7800, 7801, 7802, 7803, 7804,
7810, 7811, 7812, 7822, 7823
Telefon-retningsnummer 068
Commons har multimedium som gjeld: Ath

Ath (nederlandsk Aat) er ein belgisk kommune i Vallonia i provinsen Hainaut. Byen ligg ved elva Dender. Byen er kjent som risane (kjempene) sin by etter ein årviss festival der store figurer av Goliat, Atlas og andre er med.

Byen vart bygd opp kring ei festning festning der steintårnet er frå tidleg på 1100-talet.

St. Julien klokketårn.

I 1667 vart Ath erobra av hæren til Ludvig XIV av Frankrike i løpet av éin dag. Han vart den første franske byen i Dei spanske Nederlanda. Kort tid etter bygde Vauban nye festningsverk her med ikkje mindre enn 80 bastionar.

Ath kommune omfattar dei gamle kommunane Lanquesaint, Irchonwelz, Ormeignies, Bouvignies, Ostiches, Rebaix, Maffle, Arbre, Houtaing, Ligne, Mainvault, Moulbaix, Villers-Notre-Dame, Villers-Saint-Amand, Ghislenghien (Mal:Lang-nl), Isières, Meslin-l'Evêque og Gibecq.

I 2004 vart ein industripark nær Ath råka av ein kraftig gasseksplosjon som tok livet av 23 menneske, medan over 120 vart skadde.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ath