Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Avellino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avellino
by
Gamlebyen
Land  Italia
Region Campania
Provins Avellino
Areal 30,55 km²
Folketal 52 198  (1. januar 2023)
Borgarmeister Giuseppe Galasso
Postnummer 83100
Retningsnummer 0825
Kart
Avellino
40°54′55″N 14°47′23″E / 40.915277777778°N 14.789722222222°E / 40.915277777778; 14.789722222222
Wikimedia Commons: Avellino

Avellino er ein by sør i Italia. Han er hovudstad i provinsen Avellino i regionen Campania og har om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg på ei slette omgjeve av fjell om lag 42 km nordaust for Napoli og er ein viktig stoppestad på vegen mellom Salerno til Benevento.

Før romarane erobra området var den antikke byen Abellinum var eit senter for den samnittiske stamma Hirpini.

Byen vart kristna rundt år 500 e.Kr. og vart eit bispesete. Både gotarar og vandalar invaderte området i tida etter før Avellino vart eit senter for langobardane med ei borg på åsen Terra. Tidleg i mellomalderen var byen ein del av hertugdømet Benevento, som seinare vart fyrstedøme, og etter Benevento fall, fyrstedømet Salerno.

I 1100, under normannarane sitt styre i Sør-Italia, kom byen inn under Riccardo dell'Aquila. Seinare gav kong Karl I av Anjou byen til Montfort-familien, som vart etterfylgt av Del Balzo- og Filangieri-familiane frå Huset Candia.

Dei føydale rettane til Avellino vart i 1581 kjøpt av Don Marino I Caracciolo, hertug av Atripalda, av ein aristokratfamilie i Napoli, som vart fyrstar av Avellino i 1589. Avellino vart hovudsetet for Caracciolo-familien. Don Marino sin son og soneson vart begge Storkanslar av Kongedømet Napolig og Grand Chancellor of the Kingdom of Naples and riddarar i Ordenen av Det gylne skinnet. Don Marino II (1587-1630) verna Giambattista Basile, forfattar av Pentamerone.

I 1820 sprang det ut fleire revolusjonsopprør frå Avellino, men samlinga av Italia om lag 50 år seinare førte ikkje til fordelar for byen, som ikkje vart tatt med på hovudjernbanelinja mellom Napoli, Benevento og Foggia.

I 1943 vart byen bomba av allierte fly i eit forsøk på å avskjere dei tilbaketrekkande tyske panserstyrkane over den viktige Ferriera-brua.

Avellino har fleire gonger vorte råka av jordskjelv gjennom historia og vart mellom anna hardt råka 23. november 1980 og 14. februar 1981.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Avellino