Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Balestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Balestrand kommune.
Balestrand
stad
Balestrand frå fjorden
Foto: Matt Sachtler
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Areal 1,11 km²
Folketal 782  (2023)
Folketettleik 705 / km²
Postnummer 6899 BALESTRAND
Ferdselsårer 55
Kart
Balestrand
61°12′31″N 6°31′58″E / 61.208611111111°N 6.5327777777778°E / 61.208611111111; 6.5327777777778
Wikimedia Commons: Balestrand

Balestrand, også kalla Balholm eller Holmen, er ein tettstad i Sogndal kommune i Vestland fylke.

Balestrand var kommunesenteret i tidlegare Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fram til kommunen vart slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune frå 1. januar 2020.

Sjølve namnet «Balestrand» blei skapt av Henrik Wergeland då han reiste i Sogn i 1832, og skreiv diktet «Framnæs - Balestrand». Namnet kjem av den sentrale garden Bale i bygda. På gamalnorsk betyr Bale ein graskledd bakke ved sjøen. [1]

Tettstaden har 782 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg sørom innlaupet til Esefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand er ein viktig turiststad og har fleire hotel og andre overnattingsstader, mellom andre Kviknes hotel. Her ligg også Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS .

I sommarsesongen går det turistbåtar frå Balestrand ferjekai inn Fjærlandsfjorden og til Flåm. Det er heilårs snøggbåtrute til Bergen.

Drakestilsvilla i Balestrand.
Foto: Matt Sachtler
  1. Johs B.Thue. «Historie». Arkivert frå originalen 15. juni 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Balestrand