Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Balletten Petrusjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stravinskij saman med Vatslav Nizjinskij som Petrusjka

Petrusjka (russisk: Петрушка) er ein ballett komponert av Igor Stravinskij for Serge Djagilevs Ballets Russes. Balletten hadde urpremiere i Paris den 13. juni 1911.

Balletten handlar om Petrusjka, ei tradisjonell russisk dokka laga av strå, som etter kvart kjem til live og utviklar kjensler. Historia minnar om Pinocchio-forteljinga, men har kanskje meir til felles med den om Frankenstein.