Beagle 2
Utsjånad
Beagle 2 var ei mislukka romsondeferd til Mars. Sonden var ein del av den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) sitt Mars Express-prosjekt. Han vart skoten opp i lag med modersonden ifrå Bajkonur i Kasakhstan den 2. juni 2003.
Beagle 2 vart frigjeven ifrå Mars Express på veg mot Mars 19. desember 2003. Beagle 2 flaug so åleine mot Mars for fem dagar og var tenkt å entra marsatmosfæren morgonen den 25. desember. Kontakt med Beagle 2 vart aldri oppnådd og ein veit ikkje om sonden landa på Mars. Sonden vart meld tapt av ESA den 6. februar 2004.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell heimesida
- Profilen til Beagle 2 hos NSSDC Arkivert 2011-10-29 ved Wayback Machine.