Beitstad
Beitstad er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag fylke, oppretta som Beitstad formannskapsdistrikt i 1837. Beitstad er i dag eit prestegjeld og sokn i Nord-Innherad prosti i Nidaros bispedømme.
1. januar 1904 vart Namdalseid skild ut frå Beitstad som eigen kommune. Beitstad hadde då 2 946 innbyggjarar. Vidare vart Malm utskild frå Beitstad som eigen kommune 1. juli 1913. Innbyggjartalet i Beitstad vart no 1 934.
1. januar 1964 vart Steinkjer storkommune danna ved samanslåing av Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu, Steinkjer og Stod. Beitstad hadde ved samanslåinga 2 563 innbyggjarar.
Beitstad prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Beitstad prestegjeld femner Beitstad sokn i Steinkjer kommune, og Namdalseid sokn i Namdalseid kommune. Fram til 1913 heitte Beitstad sokn Solberg, og Namdalseid sokn heitte frå 1853 til 1894 Ås sokn, medan det før 1853 heitte Eid sokn. Malm sokn høyrde til under Beitstad prestegjeld til 1966 då soknet vart skild ut og overførd til det nye Verran prestegjeld saman med Verran sokn, som tidlegare hadde lege under Ytterøy prestegjeld.
Kyrkjer i Beitstad prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Beitstad sokn
[endre | endre wikiteksten](tidlegare kalla Solberg sokn)
Namdalseid sokn
[endre | endre wikiteksten](tidlegare kalla Eid sokn og Ås sokn)
Tidlegare kyrkjer i Beitstad prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Kyrkjer som er overførde til andre prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
- Arkivverket: «Kirkebøker, Nord-Trøndelag» Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.