Bengt Edlén
Bengt Edlén | |||
| |||
Fødd | 2. november 1906 Gusum | ||
---|---|---|---|
Død | 10. februar 1993 Lund i Skåne | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | fysikar, astronom, astrofysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Lunds universitet | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences |
Bengt Edlén (2. november 1906–10. februar 1993) var ein svensk fysikar og astronom.
Han var professor i Lund frå 1944 til 1973 og er kjent for arbeid innan spektroskopi og astrofysikk. Undersøkingane hans i 1941 av linjer i spekteret til solkoronaen, som tidlegare ikkje kunne forklarast, synte at dei stammar frå jern, nikkel og andre grunnstoff i sterkt ionisert tilstand. Etter dette må temperaturen i solkoronaen vere mykje høgare enn ein før hadde meint.
Han bidrog òg til å analysere spekteret til Wolf-Rayet-stjerner.[1][2]
Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947. Bengt Edlén mottok Gullmedaljen til Royal Astronomical Society i 1945 for å ha løyst det såkalla Koronamysteriet,[3] Howard N. Potts-medaljen i 1946 for forskinga innan ekstrem ultrafiolett stråling,[4] og Henry Draper-medaljen frå National Academy of Sciences[5] i 1968.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bengt Edlén» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Beals, C. S. (1933). «Classification and temperaturs of Wolf-Rayet stars». The Observatory 56: 196–197. Bibcode:1933Obs....56..196B.
- ↑ Swings, P. (1942). «The Spectra of Wolf-Rayet Stars and Related Objects». Astrophysical Journal 95: 112–133. Bibcode:1942ApJ....95..112S. doi:10.1086/144379.
- ↑ «Winners of the Royal Astronomical Society sin gullmedalje». Royal Astronomical Society. Henta 18. august 2015.
- ↑ «The Franklin Institute Awards - Laureate Search». Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 18. august 2015.
- ↑ «Henry Draper Medal». National Academy of Sciences. Henta 18. august 2015.