Billy Idol
Billy Idol | |||
Idol på scenen i 2012 | |||
Fødd | 30. november 1955 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stanmore i Storbritannia | ||
Fødenamn | William Michael Albert Broad | ||
Alias | Billy Idol | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1973 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Sambuar med | China Chow, Perri Lister |
William Michael Albert Broad (fødd 30. november 1955), profesjonelt kjend som Billy Idol, er ein engelsk musikar, songar, låtskrivar, og skodespelar som har både britisk og amerikansk statsborgarskap.[1] Han vart først kjend i 1970-åra i punkrockmiljøet i London då han var frontmann i bandet Generation X. Sidan la han ut på ein solokarriere som førte til at han vart internasjonalt kjend og gjorde Idol til ein leiande artist under «den andre britiske bølgja» i USA, som var driven av MTV. Namnet «Billy Idol» var inspirert av læraren hans som skildra han som «idle» (uverksam, inaktiv).[2]
Idol byrja karrieren sin seint i 1976 som gitarist i punkrockbandet Chelsea, men han slutta etter kort tid i gruppa. Med den tidlegare bandkollegaen Tony James, skipa Idol så Generation X. Med Idol som frontmann fekk bandet suksess i Storbritannia og gav ut tre album på Chrysalis Records, før dei vart oppløyst. I 1981 flytta Idol til New York City for å satse på ein solokarriere i samarbeid med gitaristen Steve Stevens. Debutalbumet hans som soloartist, Billy Idol (1982), vart ein kommersiell suksess. Med musikkvideoar for singlane «Dancing with Myself» og «White Wedding» vart Idol fast å sjå på det nyetablerte MTV.
Det andre albumet hans, Rebel Yell (1983), selde godt med hitsinglane «Rebel Yell» og «Eyes Without a Face». Albumet selde til dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar i USA. I 1986 gav han ut Whiplash Smile. Etter å ha fått tre topp 10-singlar i Storbritannia («Rebel Yell», «White Wedding» og «Mony Mony») gav Idol ut eit samlealbum i 1988 kalla Idol Songs: 11 of the Best. Dette albumet selde til platina i Storbritannia. Idol gav så ut Charmed Life (1990) og konseptalbumet Cyberpunk (1993).
Idol brukte andre halvdelen av 1990-åra på privatlivet sitt. Han gjorde eit musikalsk comeback med Devil's Playground (2005) og igjen med Kings & Queens of the Underground (2014).
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Billy Idol (1982)
- Rebel Yell (1983)
- Whiplash Smile (1986)
- Charmed Life (1990)
- Cyberpunk (1993)
- Devil's Playground (2005)
- Happy Holidays (2006)
- Kings & Queens of the Underground (2014)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Billy Idol» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AM, Scott McDonald On 11/16/18 at 1:50 (16. november 2018). «British rocker Billy Idol took his oath to become a United States Citizen, making it a nice day to, get sworn in». Newsweek (på engelsk). Henta 13. juli 2021.
- ↑ «Radio with Pictures». Television New Zealand alternative music show interview with Karyn Hay (cue to 04:30s), broadcast April 1984. Henta 25. juni 2019.