Bingsfossen
Bingsfossen | |||
foss | |||
Nordre løp av Bingsfossen med kraftverket i bakgrunnen
| |||
Område | Lillestrøm i Akershus | ||
---|---|---|---|
Elv | Glomma | ||
Totalt fall | 4 m | ||
Status | Utbygd med Bingsfoss kraftverk | ||
Bingsfossen 59°59′21″N 11°15′35″E / 59.98916°N 11.25968°E | |||
Wikimedia Commons: Bingsfossen |
Bingsfossen er ein foss i Glommavassdraget like ovanfor Sørumsand. Den har eit fall på fire meter, og vart bygd ut med vasskraftverk og damluker i 1978 til Bingsfoss kraftverk.
Fylkesveg 171 går over demninga.
Like nedanfor Bingsfossen på nordsida av Glomma ligg dei einaste helleristingane på Romerike.[1] Like ovanfor fossen på sørsida av Glomma ligg Bingsfoss stasjon på Urskog-Hølandsbanen. Nedanfor Bingsfoss ligg Bingen tømmerlenser.[2]
Dersom det var ei sluse i samband med denne demninga og ei ved Rånåsfoss ville det vere råd å dra med fritidsbåt frå Solbergfoss i Askim, til Fåberg nord for Lillehammer i Mjøsa. Ei sluse i demninga ved Funnefoss vil kunne gi samband til Storsjøen i Odalen og Glåma til Kongsvinger kraftverk.
Nedanfor Bingenfossen vart det i 1995 funne ein stokkebåt av eik. Han har vorte kalla Sørumsbåten eller Bingenbåten, og er eldste båtfunnet i Noreg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Einbu, Ola (9. juli 2017), «Badetur med spor av Raumarike», Romerikes Blad (på norsk), henta 11. august 2021
- ↑ Bingen lenser | Bingen Lenseminneforening (på norsk bokmål), henta 11. august 2021