Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Bisjkek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bisjkek
by
Land  Kirgisistan
Areal 127 km²
Folketal 1 145 044 (2023)[1]
Kart
Bisjkek
42°52′00″N 74°34′00″E / 42.866666666667°N 74.566666666667°E / 42.866666666667; 74.566666666667
Wikimedia Commons: Bishkek

Bisjkek er hovudstaden og den største byen i Kirgisistan. I 2023 hadde byen rundt 1,15 millionar innbyggarar.

Byen ligg midt i elvedalen til Tsju.[2] I 1825 bygde khanen av Kokhand ei festning her som forsvar mot russisk ekspansjon. Russland tok likevel makta over området i 1860, og skipa den moderne byen her i 1878.[3]

Bykjernen har breie alléar i eit rutenett, fleire parkar og frukthagar,[4] med gamle marmor-bygningar som er kombinert med bygningar og leilegheitskompleks i sovjetisk stil.

kirgisisk er bisjkek ein type stav som blir bruka til å laga ein tradisjonell drikk av gjæra hoppemjølk, kumis.[5][6] Bynamnet er også blitt tolka som ei forvansking av det opphavlege sogdiske namnet, Peshagakh, som kan tyda ‘stad under fjella’. Ei anna forklaring er at det viser til ‘fem riddarar’ som etter soga slost om herredøme over Tsju-dalen. Russarane kalla han Pisjpek. Frå 1926 til 1991 var byen kjent som Frunze, etter bolsjevik-kommandøren Mikhail Frunze. Namnet «Bisjkek» blei gjeninnført etter ei folkerøysting i 1991.[3]

Den breie hovudgata, Sovjetskaja, i Bisjkek sentrum.

Bisjkek har opphav ved ein festning i Kokhand-khanatet skipa i 1825. I 1864 blei festningen jamna med jorda, men busettinga blei gjenoppretta i 1878 av det russiske styret. I 1926 blei byen døypt om til Frunze etter Mikhail Frunze, ein lokal leiar som bidrog til å dempe motstanden mot den bolsjevikske regjeringa.

Etter brotet med Sovjetunionen blei Kirgisistan uavhengig i 1991 og byen blei på nytt døypt om til Bisjkek. I dag er det ein pulserande og relativt moderne by, og inneheld blant anna den amerikanske luftvernbasen Ganci. (Russland har eigen luftvernbase nær Kant.)

Stader å sjå

[endre | endre wikiteksten]
  • Fjellet Tien Shan ligg i bakgrunnen av byen.
  • Fleire statuar av Vladimir Lenin står ennå, og den største er på den andre sida av parlamentsbygningen i ein lauvrik park. Ein sjeldan ryttarstatue av Lenin står i ein stor park ved jernbanestasjonen.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.stat.kg/ru/statistics/download/operational/769/.
  2. Bloom, Jonathan M.; Blair, Sheila S. (2009). «Bishkek» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-530991-1. 
  3. 3,0 3,1 Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Bishkek» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. 
  4. «Bishkek | Population, Map, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 7. november 2024 
  5. Reuters (21. juli 2022), «This Asian country is betting on fermented horse milk to attract tourists», CNN (på engelsk), henta 7. november 2024 
  6. Eden, Caroline (26. mars 2022). «In Kyrgyzstan, a taste of the ‘purest milk imaginable’». Financial Times. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bisjkek